Hopp til innhold

Totalforbod i tre kommunar: Åtvarar mot svært stor brannfare i heile fylket

Brannvesenet åtvarar no mot svært stor skogbrannfare i Sogn og Fjordane, og i tre kommunar er det no innført totalforbod mot bruk av open eld.

Skogbrannen i Leikanger.

SPREIDDE SEG RASKT: Måndag ettermiddag gjekk alarmen i Leikanger etter at det byrja å brenne under kraftlinene i Njøsadalen.

Foto: Vidar Trettenes

Det tørre og varme vêret gjer at faren for brann i skog og mark no er større enn på lang tid her i fylket. Vågsøy, Flora og Bremanger har alt innført totalforbod mot kvar ein bruk av open eld.

– Eg oppmodar dei andre kommunane til også å vurdere dette her. Så må folk følgje med på heimesida til kommunane og i media framover, seier dagleg leiar for alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

– Det er veldig tørt

Etter den store skogbrannen i Leikanger i går, finn Brandsøy det rett å minne om at det er brenneforbod i skog og mark frå 15. april til 15. september.

– Vi har jo fått grøne marker rundt om kring no, så rundt i låglandet der det er grønt og vått, så er det ikkje den store faren. Men med ein gong ein kjem over grasgrensa og opp i skogen så blir det veldig tørt. Det er veldig stor skogbrannfare for tida, slår Brandsøy fast.

Pass på eingongsgrillen

Han peikar på at dersom du skal setje i verk brenning av noko som helst, så skal du kontakte kommunen for å forsikre deg om at du får lov til å brenne, og informere brannvesenet og at du har kontroll på det du skal utføre.

– Reglane er veldig strenge, men det er klart at dersom du ferdast langs sjøkanten eller i nærleiken av vatn, så kan du bruke til dømes ein eingongsgrill. Men du må vere veldig varsam med korleis du behandlar dette, spesielt etterpå. Ta eingongsgrillen ned i vatn og la vatnet trekkje inn slik at det sløkker skikkeleg, seier Brandsøy.

Store styrkar kjempar for å få kontroll på skogbrannen ved Hermansverk i Leikanger.

KJEMPA MOT FLAMMANE: Brannfolk og Sivilforsvaret kjempa i fleire timar mot flammane i Njøsadalen måndag.

Politiet er strenge

Det er straffbart å tenne opp eld i skog og mark så lenge brenneforbodet gjeld, og politiet gjekk ut seinast i går og åtvara.

– Vi kjem til å følgje opp sakene og gje straff dersom vilkåra for det er til stades, sa politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Alle saker der brannvesenet må rykkje ut, blir også automatisk ei sak for politiet.

– Forbodet må respekterast

Terje Brandsøy ved alarmsentralen meiner at det meste går bra så lenge ein brukar sunn fornuft og folkevett.

– Norske folk elskar å bruke naturen, og 100 prosent avgrensingar kan ein ikkje gjere. Men utgangspunktet er altså brenneforbod mellom 15. april og 15. september. Det må respekterast.