Hopp til innhold

No kan du få bot eller fengselsstraff for bålbrenning

Politiet vil handheve bålforbudet langt strengare. I verste fall kan du få fengselsstraff.

Politiet vil handheve bålforbudet langt strengare. I verste fall kan du få fengselsstraff.

Årsaka til lyngbrannen på Skardsøya i Aure skal vere eit bål. No vil politiet straffe dei som ikkje fyl reglane.

Ove Brudevoll

Politiinspektør Ove Brudevoll seier at dei som ikkje overheld bålforbodet kan bli straffa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei siste dagane har det vore fleire skogbrannar på grunn av uvettig bruk av eld. Søndag var store styrkar med å sløkke ein omfattande lyngbrann på Skardsøya i Aure på Nordmøre. 85 personar blei evakuerte og lenge hadde ikkje brannvesenet kontroll på flammane. Årsaka til brannen skal vere at to personar fyrte opp bål ved Tømmerdalsvatnet. No vil politiet slå hardt ned på dei som bryt bålforbodet.

– Vi kjem til å fylgje opp sakene og gi straff dersom vilkåra for det er til stades, seier politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

LES OGSÅ:

Ikkje lov med open eld

Det er forbode med open eld i skog og mark mellom 15. april og 15. september, men likevel er dette største årsaka til skog og lyngbrannar i Noreg. Tørke og varme gjer at politiet i Nordmøre og Romsdal er uroa.

– Så tørt som det er i terrenget no, medfører ein kvar bruk av open eld fare, seier Brudevoll.

Kan få fengselsstraff

I tillegg til Aure brann det også i Halsa og på Frei i helga. I alle desse tilfella og i komande brannar vil politiet ha fokus på om nokon kan haldast ansvarleg. Brudevoll seier at politiet kjem til å bruke heile strafferamma. Det betyr at den som bryt bålforbudet kan bli straffa med bøter på moderat nivå og heilt opp til fengsel utan vilkår.

– Dette er eit så stort samfunnsproblem at vi vil følge opp sakene skikkeleg, seier Brudevoll.

Brann