- Vi åtvarar mot å gje løyve til petroleumsproduksjon i blokker som ligg på dei beste sildefelta utanfor Nordvestlandet, seier han.
Viktige gyteplassar
Områda som no er utlyst for olje- og gassutvinning ligg utanfor Nordfjord og Møre. Ei av blokkene ligg i rett vest for Stad. Desse områda er blant dei viktigaste gyteplassane for silda, og skulle det skje ulukker ville det få enorme konsekvensar, seier Misund.
- Blokkene ligg ganske nær land, og skulle det skje eit oljeutslepp så ville det forstyrre sildegytinga i stor grad, seier Misund.
Åtvaring
Havforskingsinstituttet har gått ut med ei åtvaring til Olje og energidepartementet, som lyser ut konsesjonane. No må dei berre avvente den endelege avgjerda.
- No er det opp til det politiske systemet å bestemme dette, seier han.