Normal

Åtvarar innbyggjarane og sender elevar heim

I fleire kystkommunar blir elevane sende heim tidlegare enn vanleg i dag på grunn av den sterke vinden som er venta.

Måløybrua stengt

KAN BLI STENGD: Måløybrua kan bli stengd for trafikk. Difor vart elevane som høyrer til på fastlandet køyrde heim tidleg. Arkivfoto.

Foto: NRK

I Vågsøy har dei sendt heim dei ungdomsskuleelevane som bur på fastlandet før vinden kjem for fullt. Bussen med desse elevane gjekk frå Måløy over Måløybrua klokka 10.10. Det er fare for at brua kan bli stengd seinare på dagen.

– Vi sender resten av elevane heim klokka 12. Det same gjer Måløy vidaregåande skule, seier rektor ved Vågsøy ungdomsskule, Kåre Bakken.

Bremanger kommune opplyser at Svelgen oppvekst sender alle elevane heim klokka 13 i dag.

Flora kommune oppmodar føresette om å hente barna sine i barnehage og skule før stormen slår til i dag. Skulane og barnehagane vert haldne opne til normal tid for å iverata dei barna som ikkje kan verte henta. Skulane og barnehagane vil så langt det let seg gjere forsøke å nå ut til føresette med denne informasjonen.

Hyllestad skule sender elevane heim klokka 13.

I Jølster har rådmannen gitt skulane beskjed om at dei må vurdere å halde elevane att på skulen dersom dei ikkje finn det forsvarleg å sende dei heim.

Brannvesenet patruljerer

I Flora har brannvesenet åtte mann i beredskap frå klokka 13. Dei vil patruljere sentrumsområda, båthamner og arbeidsplassar når vêret er som verst, skriv Flora kommune på si nettside.

– Folk bør halde seg inne, seier varabrannsjef Eivind Ask.

Øyfolket har satellittelefon

Dersom det blir brot på telesambandet kan innbyggjarane i Bulandet og på Værlandet få kontakt med omverda via ein satellittelefon som beredskapskoordinator Tove Kjæmpenes har i bustaden sin, skriv Askvoll kommune på si heimeside.

I Askvoll sentrum har rådmannen ein satellittelefon. Også i andre kommunar er det satellittelefonar i beredskap.

SFE har 60 personar klare til innsats

Kraftselskapa i Sogn og Fjordane bur seg på at «Tor» kan skaffe dei ekstraarbeid. SFE har sett beredskapsstab og har dobla vaktstyrken for å kunne ta seg av eventuelle brot på linjenettet.

– I tillegg har vi dialog med skogryddarar, i alt rundt 60 personar er mobilisert i selskapet, seier informasjonssjef Kai Petter Sårheim. Men dersom uvêret skulle få same omfanget som «Dagmar», vil nærare 150 personar vere involverte for SFE, seier han.

Men han presiserer at montørane og skogryddarane ikkje set livet på spel.

Tryggleik for liv og helse vil alltid vere vår første prioritet. Det må vere forsvarlege forhold for våre montørar før dei kan ta til på feilsøking og reparasjonar. Det er ikkje usannsynleg at enkelte feil vil måtte vente til dagslys laurdag morgon før vi kan ta fatt på reparasjonane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune