NRK Meny
Normal

Åtvarar dagleg om faren: - Dei syner lite respekt for naturen

FJÆRLAND (NRK): Turistane valfartar til breane, men åtvaringane mot å kome for nære dei mektige ismassane ser ut til å gå dei fleste hus forbi.

To personar har kryssa sperringane ved Bøyabreen i Fjærland.

FARLEG: Bøyabreen er ein av dei mest besøkte breane, og i høgsesongen kring 1000 personar innom dagleg. Nokre går mykje lenger enn det som er tilrådd.

Foto: Kjell Fodnes/privat

– Det er ikkje godt å sjå, men det står to personar der. Det er heilt ufatteleg, seier Kjell Fodnes.

Kjell Fodnes åtvarar dagleg turistar om faren ved å gå for nært breen.

RISIKOSPORT: Campingplasseigar Kjell Fodnes snakkar dagleg med turistar og må like ofte åtvare dei mot å gå for nært breen. – Eg trur ikkje heilt at dei skjønar alvoret.

Foto: Sondre Dalaker

Campingplasseigaren ved Bøyabreen i Fjærland peikar med uro på biletet han tok sist veke. To personar har trassa sperringane og står rett under eit brefall på fleire hundre meter.

– Det kan bli skjebnesvangert. Då overlever du ikkje, seier Fodnes.

Den kvite og blå breen kan sjå stille og roleg ut, men i røynda er den i konstant rørsle. Og for knappe to år sidan gjekk det gale ved ein brearm like ved. Eit tysk ektepar trassa sperringane ved Nigardsbreen. Dei vart trefte av ei isblokk og omkom.

Ein konstant fare

– Folk vil helst ta på breen, få flotte bilete og mange har reist langt for dette. Så eg skjønar at dei vil, men dei har ikkje forstått konsekvensane av å gå nær ein bre, seier Pål Gran Kielland, fagansvarleg ved Norsk Bremuseum i Fjærland.

Vi treff Pål Gran Kielland som fortel at turistar set livet i fare for å få dei beste naturopplevingarne.

Han tek mellom anna med seg skuleklassar og andre opp til breane, mellom anna for å lære dei om farane. Åtvaringar og sperringar står ved dei fleste brearmane som ein kan kome tett inntil.

– Det farlegaste er dei store israsa. Dei kjem kvart år, men vi veit ikkje når dei kjem, forklarar Kielland.

Pål Gran Kielland meiner folk tek for stor risiko når dei går så nært breen.

LOKKAR: Breen er spanande for mange, men nokre trassar sperringar for å kom så nært som råd. Det likar Pål Gran Kielland ved Norsk Bremuseum i Fjærland dårleg.

Foto: Adalheidur Oldeide

På sine turar ser han ofte folk som stig over eller under sperringar. Seinast denne veka.

– Det kan vere for seint å springe fram for å varsle, og ein høyrer ikkje om nokon ropar og hoiar.

Etter ulukka ved Nigardsbreen vart det sett opp større sperringar og meir informasjon der. Guidar som tek med folk til eller på den eller andre brear informerer også om farane, og det same gjer reiselivet i breområda. Nasjonalparkforvaltinga fører nærast daglege tilsyn ved breane.

Seinast torsdag var det folk heilt tett opp i brekanten ved Bøyabreen.

NÆRT: Dette bieltet tok pål Gran Kielland torsdag.

Foto: Pål Gran Kielland

Veit ikkje om folk lyttar

Tricia Pummell frå USA beundrar breen for første gong, saman med ei gruppe turistar og ein guide. For ho er det ei sjølvfølgje å respektere hindringane som er sette opp framfor breen.

– Eg er redd for at det skal kome ein stor bit av breen ned. Eg ville ikkje gått nærare om eg var åleine heller, for eg vil kome meg trygt heim.

På Campingplassen skulle eigaren ynskje at fleire tenkte og gjorde som ho.

– Vi må åtvare folk kvar dag om at dei ikkje må gå åleine på breen, eller gå inn under han, men eg trur ikkje dei skjønar alvoret. Dei seier dei skal respektere det vi seier, men om dei verkeleg gjer det, veit eg ikkje, seier Fodnes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.