Hopp til innhold

Arkitektar kritiserer by- og tettstadutvikling

Regjeringa har store planar for å utvikle grøne og levande bysentera. – Men det hjelper lite når byar og tettstadar sjølv stadig vel å gå i heilt motsett retning, seier norske arkitektar.

Førde sentrum

FÅR KRITIKK: Førde er ein av kommunane som opnar for storhandel utanfor sentrum

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Bysentera vert tappa, og det vert fleire kjøpesenter utanfor, seier Siri Holmbo Høiby i Norsk design- og arkitektursenter

Regjeringa har vedteke ein plan for å skape liv i norske byar, men Høiby i meiner norske byar øydelegg planen ved å opne opp for stadig meir handel utanfor sentrum.

– Då lurer vi på kvifor det. Den einaste grunnen eg kan sjå for det er at det er dei kortsiktige økonomiske interessene som får styre. Det kan vi ikkje godta, seier Høiby.

Øydeleggjande for sentrumsutviklinga

Siri Holmboe Høiby

KRITISK: Siri Holmbo Høiby i Norsk design- og arkitektursenter.

Foto: NRK

Høiby seier at all forsking syner at å leggje til rette for storhandel utanfor sentrum er øydeleggjande for sentrumsutviklinga, og ho lurer på om norske politikarar kanskje ikkje er klar over det.

– Politikarane lar seg freiste av arbeidsplassar og skatteinntekter. Dersom dei heller ikkje kjenner til undersøkingane om det faktisk drep sentrum, så er eg redd det blir eit lett val for politikarane, seier Høiby.

Ja takk begge deler

Men ordførar i ein kommune som har vedteke å byggje storhandel utanfor sentrum , Olve Grotle i Førde, er usamd med Høiby.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

– JA TAKK BEGGE DELER: Olve Grotle (H) er ordførar i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det vi har lagt opp til er at vi både skal ha handel i sentrum, og så skal vi storhandelen utanom sentrum, seier Grotle.

Førde-ordføraren trur at det å flytte storhandel ut av sentrum kan vere ein fordel for sentrum, som då får mindre biltrafikk og støy.

– Det vi gjorde i Førde, og som eg meiner var rett, var at vi henta inn fleire rapportar frå fagfolk. Og vi følgde i stor grad dei råda vi fekk. Vi tar vare på sentrumsutviklinga, samstundes som vi får med oss etableringar for storhandel som vi elles ikkje ville fått, seier Grotle.

– Kva fordeler er med å flytte storhandel ut av sentrum?

– Vi må vere realistiske og seie at den typiske storhandelen er plasskrevjande og vanskeleg å få til i ein sentrumskjerne. Vi har og fått tilbakemeldingar frå aktørane om at det ikkje er aktuelt å bygge den type bygg i sentrum.

Men arkitekten er ikkje overtydd. Ho trur storhandel fort ballar på seg med småhandel.

– Desse «big box»-konsepta, som vi kallar dei, der du må ha bil, har lurt regelverket lenge. Dei har fått dispensasjonar til å etablere seg fordi dei sel plasskrevjande varer, men brått så ser du at Plantasjen sel radioar og liknande, seier Høiby.