Hopp til innhold

Stortingsbenken sine viktigaste saker i 2015

2015 blir eit krevjande politisk år. Her er dei fire stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane sine viktigaste saker.

Viktigaste sakene i 2015 for stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane

SAKER: Matproduksjon, Engebø-utbygginga, fiskeri og samferdsle er mellom sakene som stortingspolitikarane frå fylke meiner blir dei viktigaste sakene i 2015.

Foto: Fotomontasje

Sveinung Rotevatn (V)

For fylket:

– Eg trur den viktigaste saka i aller næraste framtid, er at vi framleis skal ha reine fjordar i fylket. Spørsmålet om gruvedeponi i Førdefjorden har vore omdiskutert lenge og mykje tyder på at det går mot ei avgjerd. Eg håpar at det er ei avgjerd som gjer at vi framleis vil ha reint hav, med moglegheit for oppdrett og fiske, og at vi ikkje dumpar gruveavfall i nasjonale laksefjordar.

– Kvifor er akkurat denne saka så viktig for deg?

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

ROTEVATN: Sveinung Rotevatn representerer Venstre i Arbeids- og sosialkomiteen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Fordi dette går til kjernen av engasjementet til mange av oss i Venstre, nemlig spørsmål om natur og miljø. Vi meiner vi skal gå mot ei framtid der vi skal drive med verdiskaping og ha eit aktivt næringsliv utan at det skal gå på bekostning av naturen og miljøet. Då er det å kunne drive mineralutvinning utan å forureine sårbare havområde eit viktig spørsmål for Venstre.

For Arbeids- og sosialkomiteen:

– Der skal vi behandle forslaget til endringar i arbeidsmiljølova ganske raskt over nyttår. Det blir ei veldig viktig sak. For vår del handlar det om å syte for moglegheit til meir fleksibilitet i arbeidstid, at du får likare reglare for mellombelse tilsetjingar i stat, kommune og privat. Og at det er mogleg å leve ulike liv, og tilpasse arbeidslivet sitt til det.

Ingrid Heggø (Ap)

For fylket:

Ingrid Heggø

HEGGØ: Ingrid Heggø representerer Arbeidarpartiet i Næringskomiteen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg trur slett ikkje at slaget om økonomien til fylkeskommunen er over. Eg tenkjer på vidaregåande skuler, at vi skal klare å behalde dei, og eg tenkjer på kultur og næringsutviklinga som skal skje i fylket.

– På kva måte skal du kjempe for det?

– Vi må klare å få eit politisk fleirtal på stortinget, som er breitt nok og stort nok til at vi ganske enkelt kan presse det på plass, og seie at «jo vi skal ha ein kompensasjonsordning som skal gjelde for fem år». Og berre vere samde om at det skal ligge fast uansett.

– Kor krevjande vil det bli?

– Akkurat no er det fleirtal for det, men det er dersom nokon finn ut at andre saker er viktigare. Det er eigentleg noko ein må jobbe med heile tida.

For Næringskomiteen:

– Eg er trygg på at det kjem innan fiskeri, for der skjer det mykje etter at sjømatindustriutvalet la fram si tilråding. Det kan vere at vi får eit heilt anna fiskeri i Norge enn det vi har hatt dersom vi skal gå til ytterpunkta som er føreslått.

– Ja, heilt kort, kva er hovudinnhaldet i framlegga?

– Dei skal sjå på lønnsemd i heile verdikjeda. Då har dei mellom anna teke tak i deltakarlova som seier noko om nasjonalitetskrav, at vi skal ha norskeigde fiskebåtar, og dei seier noko om aktivitetskrav, at det er aktive fiskarar som skal eige fiskebåtane. Fell ein av desse to brikkene vekk, så fell truleg heile lova, som er ei lov vi hadde før EØS-reglane. Då er vi i den situasjonen at nasjonalitetskravet også kan ryke. Det trur eg ikkje det norske folk er viljuge til å setje på spel. Så det er der vi no set inn alle ressursar, og verkeleg jobbar for å klare å behalde deltakarlova som i dag.

Liv Signe Navarsete (Sp)

For fylket:

Liv Signe Navarsete

NAVARSETE: Liv Signe Navarsete representerer Senterpartiet i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg vil samanfatte det til sentraliserande reformar som vil ta mykje av tida mi i året som kjem. I det ligg politireform, kommunereform, høgskulen si moglegheit til å eksistere som sjølvstendig høgskule og folk i Sogn og Fjordane sine moglegheiter til framleis å ha nærleik til og tryggleik for gode teneste i sine nærmiljø.

– Kvifor kampen mot sentralsiering så viktig for deg?

– Fordi vi har store avstandar i Sogn og Fjordane og folk bur spreidd. Dette gjeld også andre delar av landet, men det som skil Sogn og Fjordane frå andre fylke er at vi ikkje har noko storby. Difor er det også viktig for oss å sikre oss at tettstadane og dei mindre byane som vi har også kan utvikle seg i samarbeid med sitt omland, og at vi slik kan sikre arbeidsplassar, utvikling, gode tenester, gode utdanningstilbod og det grunnleggande for at folk skal kunne bu.

– For det trur eg det trengst både mykje arbeid, klare tankar og høge og ikkje minst tydelege røyster inn i det sentrale miljø i Oslo, for å få folk til å forstå at det ikkje er sikkert at det er same medisin for Sogn og Fjordane som er god for sentrale strok og dei store byar, som vi no ser har fått stort fokus med den blåblå-regjeringa. Det er bra det, men vi må også sikre at vi har fokus på våre utfordringar, at vi får behalde det vi har av gode tenester og at vi kan utvikle nye arbeidsplassar i privat sektor og offentleg sektor framover.

For Utenriks- og forsvarskomiteen:

– Når vi lever i ei verd som har fleire krigar og kriser enn nokon gong i moderne tid, så er det vanskeleg å nemne ei sak. Men det grunnleggande for alle menneske er tilgang til reint vatn og mat. Difor vil mattryggleik vere eit tema som eg vil jobbe spesielt med. Eg ser også den tydelege samanhengen mellom det å ha retten til å produsere mat til eiga befolkning i utviklingsland, i framveksande store økonomiar, men også ned til våre eigne lokalsamfunn i Sogn og Fjordane. Det å sikre trygg og rein mat, sikre vatn, sikre overleving til den globale familien er også eit saksområde som har stor betydning for korleis vi skal utvikle vår eigen matproduksjon i dei åra som ligg framføre oss. Både på kortsikt, og langsikt.

Bjørn Lødemel (H)

For fylket:

Bjørn Lødemel

LØDEMEL: Bjørn Lødemel representerer Høgre i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Blant mange spennande saker er det samferdslesakene som ligg mitt hjarte nærast. Det er klart at det er viktig for meg og Høgre at vi følgjer opp det vi har sagt i Nasjonal Transportplan, både i høve til E39, Førdepakken, Kystvegen, Vikafjellet, Strynefjellet og ikkje minst Stad Skipstunnel, som fekk eit fint løft no i haust. Vi ser også det som skjer i kommuneproposisjonen til våren der vi skal få lagt fram ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegar, og ikkje minst få på plass kriteriar for båt, ferje og nye inntektssystem for fylkeskommuner.

For Kommunal- og forvaltningskomiteen:

– Der er det kommunereforma som er hovudsaka, men det er også mange andre spennande ting. Eg har tidlegare jobba for at kommunane skal få eit større ansvar i høve til forvaltning av utmark, og ikkje minst at grunneigarane skal komme sterkare inn i biletet. I år er det lagt fram til høyring eit prosjekt som går på forenkla utmarksforvaltning, der kommunane skal få ein større del av ansvaret for å forvalte utmarka. Vi har også i regjeringsplattforma sagt at vi ynskjer å prøve ut ulike modellar for at grunneigaren skal få sterkare råderett eigen eigedom, men også i høve til dei område ein vurderer vern. Akkurat på det området så dreg det trådane tilbake til det vi jobba med i energi- og miljøkomiteen i førre periode.

– No har eg pressa deg til å velgje ei sak på to felt, men det er mange andre ting du er oppteken av?

– Det er mykje reformar som går, mellom anna på høgskule og politi. Der er det viktig at ein får lagt fram Sogn og Fjordane sitt syn på ein god måte. Elles har ein Engebø som vi ventar på, som er ei viktig sak for Sogn og Fjordane i høve til arbeidsplassar, i høve til vidareutvikling av eit næringsliv der Sogn og Fjordane Høgre har sagt at vi ynskjer å starte opp Engebø innanfor strenge miljømessige rammer.