Hopp til innhold

Årdal har heng på Tornado Måløy

Fjøra hadde det spelemessige overtaket, men Årdal scora dei avgjerande måla.

Preben Strypet

Toppscorar i 3. divisjon, Preben Strypet, har scora 17 mål så langt i år. Mot Fjøra kan det bli fleire.

Foto: Årdal FK

Grøntrøyene frå Årdal vann til slutt 4-1 over Fjøra i Sognahallen. Dermed er dei berre poenget bak serieleiar Tornado Måløy.

Fjøra på si side er framleis i botnen og spelar neste fredag ein svært viktig kamp mot tabellnabo Florø.

Rutinerte Morten Brandsdal gav gjestene 1-0 på straffespark allereie etter ni minutt. Fire minutt før pause stanga divisjonens toppscorar Preben Strypet inn si 18. scoring for sesongen, då han dobla leiinga.

Etter kvilen var det ifølgje Fjøra sine heimesider heimelaget som hadde trøkket i kampen. Likevel var det Årdal som sette inn den neste scoringa.

Ambulanse på bana

Kampen var 68 minuttar gamal då Allan Jørgensen ekspederte ein corner i mål. To minuttar etterpå fekk Fjøra straffe. Johan Salveson vart den som omsider klarte å overliste ein elles god Vegard Skjeldestad i Årdal-buret.

Johan Traustasson sette punktum i kampen då han på overtid kontra inn 4-1. Andreomgangen vil også bli hugsa for at ambulansen køyrde inn i hallen. Fjøraback Rune Støyva fekk slått lufta ut av seg og måtte til legesjekk.