NRK Meny
Normal

Arbeidstilsynet: Styr unna omreisande handverkarar

I dag vart åtte utanlandske steinleggarar skyssa ut av landet. No kjem Arbeidstilsynet med ein åtvarande peikefinger.

Politiet arresterer ulovlege handverkarar

ARRESTERT OG BORTVIST: Poliitet aksjonerte tysdag mot steinleggarar i Førde og Bergen.

Foto: Politiet

Knut Andreas Lervåg i Arbeidstilsynet er koordinator for det tverretatlege samarbeidet mot arbeidsmarknadskriminalitet. Han åtvarar på det sterkaste mot å ta imot tilbod frå slike firma.

– Dei kan gjerne opptre tilsynelatande seriøst, det kan sjå ut som dei er registrert i offentlege register. Men dei er veldig useriøse, vi har veldig mange gonger sett at folk som gir dei oppdrag blir truga og tvinga til å betale meir pengar, og det blir gjort tilleggsoppgåver som dei ikkje ynskjer seg.

Knut Andreas Lervåg

– VELDIG USERIØSE: Knut Andreas Lervåg i Arbeistilsynet.

Kan sjølve kome i heisen

I tillegg dreier det seg om svart arbeid, slik at dei som gir oppdrag til slike handverkarar sjølve gjer seg skuldig i lovbrot.

– Nyttar ein seg av slike grupperingar støttar ein arbeidskriminalitet med utnytting av arbeidstakarar. Det kan vere brot på skattelovgjevinga, med risiko for at ein sjølv blir fylgt opp frå styresmaktene si side, seier Lervåg.

Og kvaliteten på arbeidet er i mange tilfelle svært dårleg fordi arbeidstakarane er ufaglærte. I Bergen har det vore målarar som har brukt vassbaserte produkt på hus, og dei fleste veit kva det er verd i vestlandsklima.

Av dei åtte som tysdag vart tekne av politiet heldt to til i Førde, resten i Bergen. Men tidlegare har det meste av aktiviteten til firmaet vore i Sogn og Fjordane.

Det var Bergens Tidende som i dag fortalde om aksjonen. No er handverkarane sette på fly ut av landet, til Polen, Romania og Storbritannia etter at politiet fekk eit bortvisingsvedtak onsdag kveld.

Politiet arresterer ulovlege handverkarar

HENTA PÅ ARBEIDSPLASSEN: Politiet aksjonerte både i Førde og Bergen.

Foto: Politiet

Ein hovudmann og ein bakmann

Mannen som blir rekna som hovudpersonen i firmaet, ein britisk statsborgar, er sikta for grovt heleri og grovt skattesvik. Han blir framstilt for varetektsfengsling i dag. Også ein bakmann får eit oppgjer med politiet.

Knut Andreas Lervåg i Arbeidstilsynet seier at det er ulike privatpersonar som har gitt oppdrag til desse handverkarane, som går på døra til folk og tilbyr seg å utføre arbeidsoppdrag. Så langt kjenner ikkje Arbeidstilsynet til at dei har hatt arbeid for nokon offentleg etat.

I einskilde tilfelle har det og vore gjort det Lervåg kallar fylgjekriminalitet, for det meste handlar det om tjuveri.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser