Hopp til innhold

Åtvarar mot falske steinleggarar

Skatteetaten, politiet og Arbeidstilsynet intensiverer arbeidet med å avsløre useriøs arbeidskraft.

Ulovlige steinleggere

Politiet åtvarar mot falske, omreisande steinleggarar.

Foto: Nadir Alam / NRK

Det er høgsesong for utearbeid, og politiet går no ut og åtvarar mot useriøse omreisande steinleggarar og handverkarar.

Politiet har dei siste vekene registrert saker i heile Møre og Romsdal.

Blir lurt

Eivind Klokkersund, seksjonsleiar for Økoteamet ved Sunnmøre politidistrikt seier at dei har ferske eksempel på at dei som leiger inn arbeidarar sit att med dårlege erfaringar.

– I desse tilfella har kundane bede om faktura og har vore gitt lovnad om at oppgjeret skulle skje via banken. Det har tilspissa seg etter at politi og Arbeidstilsyn har vore på staden. I den eine saka etter oppryddinga av det uferdige oppdraget måtte kunden ut med 8000 kroner i kontantar før han fekk fred.

Steinleggarane presiserer ofte at dei ikkje kjem frå England, men Polen eller andre land i Aust-Europa. Det viser seg likevel at hovudmennene som krev inn pengar er britiske statsborgarar.

Dei er bakmenn som vervar personar frå til dømes Litauen, Romania og Polen for å utføre arbeidet.

Har ansvar

Kjellfred Nydahl

Leiar for Bygg- og anleggssatsinga i Skatt Midt-Norge, Kjellfred Nydahl.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Leiar for Bygg- og anleggssatsinga i Skatt Midt-Norge, Kjellfred Nydahl, seier at mange av dei omreisande steinleggarane og handverkarane har uoppgjorte skatt- og avgiftskrav frå tidlegare.

– Viss kunden betalar kontant, og firmaet ikkje opplyser om omsetninga til Skatteetaten kan kunden bli medansvarleg for at skatt og avgift ikkje er betalt.

Han fortel også at når kunden veit at tenesta er svart, så kan kunden kome i straffeansvar og bli bøtlagd.

Åtvarar mot dørsal

Viss handverkarane tilbyr sine tenester via dørsal, så bør ein vere skeptisk.

Tilsynsleiar ved Arbeidstilsynet, Jan Erik Rinnan, seier forbrukarane bør gjere ein grundig bakgrunnssjekk og vere merksame på at registrering hos Brønnøysundregisteret og meirverdiavgiftsregisteret ikkje er ein garanti for at verksemda er seriøs.