Sjå valresultata for Flora
Det var knytta stor spenning til kor mykje Arbeidarpartiet ville tape på at Kolbjørn Dyrli vart borte frå politikken, og seinare døydde. Med 37,8 prosent oppslutnad og ein tilbakegang på vel seks prosentpoeng, ser det likevel ut til at Bente Frøyen Steindal får halde fram som ordførar i Flora.
Klart for firarbanden
Ap, SV, KrF og Sp, den såkalla firarbanden, har samarbeidd om fordeling av verva i Florø. Klimaet mellom dei fire er godt, og det er ingen teikn på at det skal sprekke. Utfordrar Rune Bortne (H) har ikkje klart å mobilisere, og Høgre må tole ein liten tilbakegang. FrP gjer eit godt val i Flora, og er inne i bystyret med fire representantar - ei dobling i høve til for fire år sidan.