NRK Meny

Ap seier nei til sjukehusplan

Arbeidarpartiet seier nei til å bruke folketal som grunnlag for kva sjukehus som skal ha akuttkirurgi. Her i fylket har mange i Nordfjord uttrykt uro for at Volda sjukehus kan bli utan akuttkirurgi. Etter at sjukehuset på Nordfjordeid miste akuttkirurgien i 2012 har mellom anna fødande i Nordfjord fått eit tilbod i Volda. Ap sin helsepolitiske talsmann, Torgeir Micaelsen, er samtidig klar på at sjukehusa må bu seg på omstilling.