Arbeidarpartiet er svært kritisk til vegpoltikken til Regjeringa. På eit møte i Stortinget må samferdsleministeren svare for omleggingane i Statens Vegvesen.
Til det verste for bilistane
Desse har ført til at vedlikehald av vegar blir lagde ut på anbod, og i følgje Ap si samferdselspolitiske talskvinne, Oddbjørg Starffeldt, er dette ei ordning som så langt har vore til det verste for bilistane.
- Fleire konsulentar
- Eg reagerer på vegne av bilistane, som ikkje får meir veg for pengane, men heller fleire konsulentar, sa Starffeldt. Konsekvensen er at det blir stadig fleire og større hol i vegdekket og det går lengre tid før det blir reparert, det blir lengre å vente på førarkort, lengre å køyre for å få utført tenester. I sum blir det dårlegare tenester til oss som køyrer på vegane, sa Oddbjørg Starffeldt i Stortinget.
Samferdslemister Torild Skogsholm. Arkivfoto NRK
Skogsholm forsvarte omlegginga
Men samferdsleminister Torhild Skogsholm forsvarte omorganiseringa av Statens Vegvesen, og meiner folk må godta at arbeidet har vore så omfattande at det kan ha gått ut over vedlikehaldet i ein periode.