NRK Meny
Normal

Ap vann skulevalet - men Høgre er hakk i hel

Arbeidarpartiet vann skulevalet i Sogn og Fjordane. Men like bak følgjer Høgre som har gått fram heile 14,6 prosent sidan skulevalet for fire år sidan.

Dei tre

STØRSTE: Ingrid Heggø og Ap (i midten) er det største partiet i Sogn og Fjordane ved årets skuleval. Deretter følgjer Bjørn Lødemel og Høgre (til høgre), medan Senterpartiet og Liv Signe Navarsete er partiet som er tredje størst under årets skuleval.

Foto: Trond Vestre/Brit Jorun Svanes/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det viser resultatet som Norsk samfunnsvitenskapelig datateneste AS (NSD) og Utdanningsdirektoratet har offentleggjort tysdag kveld. Tala viser resultat etter at stemmene frå 10 av 14 påmelde skular i Sogn og Fjordane er talde opp.

Arbeidarpartiet fekk 24,9 prosent av stemmene ved årets skuleval her i fylket, medan Høgre no følgjer hakk i hel med 21,1 prosent av dei unge stemmene.

Deretter kjem Senterpartiet med 13,3 prosent av stemmene, og Venstre med 10,9 prosent. Frp fekk stemma til 7,4 prosent av dei unge i fylket, KrF fekk 5,4 prosent, Piratpartiet 4,9 prosent, SV 4,5 prosent og Raudt 3,5 prosent.

Miljøpartiet De Grønne kjem deretter med 2,4 prosent av stemmene, Kystpartiet fekk 1,0 prosent, De Kristne 0,6 prosent og Demokratene i Norge 0,2 prosent.

Høgre mest fram

Høgre er det partiet som går mest fram i høve skulevalet her i fylket for fire år sidan. Den gong fekk partiet 6,5 prosent av dei unge stemmene. No har dei altså gått fram heile 14,6 prosent og nærmar seg Ap i oppslutnad.

Høgre er også det partiet som gjer det best på landsplan, med 28,3 prosent av stemmene. Arbeidarpartiet får på landsplan 23,2 prosent av stemmene på landsplan, der FrP er det tredje største partiet med 15,6 prosent av stemmene.

– Heilt fantastisk

Embla Belsvik

FANTASTISK: Jublar Embla Belsvik som er Høgre sin ungdomskandidat i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Embla Belsvik som er Høgre sin ungdomskandidat er over seg av begeistring for resultatet.

– Dette er heilt fantastisk! Vi er kjempenøgde!

– Dei siste to vekene har vi reist rund og besøkt alle skulane, vi har snakka med så mange elevar, og vi har vore i debattar. No viser elevane at dei også meiner at det er på tide med eit skifte. Framgangen vi har hatt er heilt fantastisk, jublar ho.

Også stortingskandidat og Høgre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, gler seg over resultatet.

– Ungdomane våre har verkeleg vist veg i forhold til stortingsvalet om ei veke. Eg vil gratulere Unge Høgre med fantastisk innsats, eg er imponert, seier han til NRK.no.

– Særleg skulepolitikken

Belsvik trur ein sterkare organisasjon skal ha ein del av æra for det gode resultatet.

– Vi har greidd å byggje ein solid organisasjon i Sogn og Fjordane, og vi har masse flotte medlemmer som reiser rundt og pratar med elevar og er med å løfte Unge Høgre sitt resultat til eit slikt nivå, seier ho.

– Så er det også har vi har ein politikk som appellerer til elevane, særleg skulepolitikken. Vi ønskjer i større grad å sjå kvar enkelt elev, og eg trur mange elevar meiner åtte år med raudgrønt styre er nok, seier Belsvik til NRK.no.

Likevel er det ingen grunn til å kvile no.

– Vi skal ikkje setje oss ned og slappe av. Vi skal jobbe beinhardt, banke på dører og snakke med folk og få fram kvifor Høgre sin politikk er den beste for landet vårt, seier ho og håpar Høgre gjer det godt også på valdagen.

– Ein siger vi er veldig glade for

Anette Stegegjerdet Nordberg som er Ap sin ungdomskandidat i Sogn og Fjordane er svært godt nøgd med at partiet hennar vinn skulevalet.

Arbeidarpartiet som ved skulevalet i 2009 fekk 19,5 prosent av stemmene har gått fram 5,4 prosent sidan den gong og er no altså størst.

– Dette er vi sjølvsagt veldig glade for. Vi synest vi har gjort ein god skulevalkamp, og vi synest vi har hatt gode debattantar. Men vi har også møtt mange andre flinke politikarar, så dette er ein siger vi er veldig glade for, seier ho.

– Kva saker er det dokke vinn dei unge veljarane på?

– Eg trur i utgangspunktet at mange unge ser at vi har skapt veldig mange nye arbeidsplassar i landet vårt ved at økonomien går veldig bra. Og så er det heilt klart skulepolitikken.

– Der vi jobbar for å løfte dei svakaste elevane ved tidleg innsats, og ikkje minst at vi seier nei til Høgre sitt forslag om å innføre karakterar allereie i 5. klasse, seier Stegegjerdet Nordberg.

At Ap er det største partiet ved skulevalet er også noko ein vil sjå når ein har talt opp alle stemmene i Sogn og Fjordane på måndag trur ho.

– Det kjenner eg meg optimistisk til. Men her er ingenting avgjort, og vi skal stå på til vallokala stengjer, er lovnaden.

Senterpartiet stuper

Partiet i andre enden av lista er Senterpartiet. Ved skulevalet for fire år sidan var partiet desidert størst med 25,4 prosent av stemmene.

Tilbakegongen på heile 12,1 prosent gjer at både Ap og Høgre no er større.

Ungdomskandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Aleksander Øren Heen, seier dei likevel er nøgde med resultatet.

-Eg er nøgd fordi vi har hatt gode val på dei skulane vi tradisjonelt har vore store på. Eg registrerer også at vi på fylkets største skule er heilt oppe på 26 prosent, og det er vi godt nøgde med, seier han til NRK.no tysdag kveld.

– Eg er også nøgd med at vi greier vinne i Arbeidarparti-bastionen Årdal, det er utruleg kjekt. Eg er også godt nøgd med at vi vinn i Eid, spesielt når Sveinung Rotevatn, som eg ser som ein sterk kandidat, er derfrå og er leiar i Unge Venstre.

– Ikkje dramatisk

– Vi er veldig godt nøgde med dei einskildresultata, men så er det også nokre skular der vi har gjort eit dårlegare val. Det varierar litt, men totalt sett er vi godt nøgde, seier Øren Heen.

Samtidig er han oppteken av at det framleis ikkje er alle skulane som er talde med, då tala vart offentleggjorde mangla var det etter oppteljing på 10 av 14 påmelde skular. Til dømes er ikkje Årdal med i oppteljinga, der Sp fekk 32,1 prosent av stemmene.

– Oppteljinga så langt viser at Sp går 12,1 prosent tilbake i høve skulevalet i 2009, kvifor det?

– Det kan ha noko med at vi då hadde ein kandidat i Erling Sande, som kom inn på Stortinget, og vi hadde nok eit ess i ermet der.

– Vi er som sagt godt nøgde, men alle resultata er ikkje med, så dette kan endre seg litt når den endelege oversikta er klar, seier Øren Heen.

– Du tenkjer ikkje at dette er dramatisk?

– Eg tenkjer ikkje at det er dramatisk. Ein må sjå litt på enkeltskular også. Det kan vere fleire faktorar som gjer at ein gjer det godt og dårleg på ein gitt skule. Vi har mange skular der vi er sterke, og der vi tradisjonelt har vore sterke, og der er vi nøgde med det, seier Sp-politikaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser