NRK Meny

Ankar fengselsstraff til Høgsterett

Mannen som er dømd for mordbrannforsøk i Høyanger, ankar straffa til Høgsterett. Det seier forsvararen hans til Firda. Både tingretten og lagmannsretten har funne mannen skuldig i å sette fyr på asylmottaket på Nordeide i desember i fjor. Då saka gjekk i lagmannsretten skjerpa dei straffa til fire år fengsel, utan vilkår. Mannen nektar all skuld og meiner han er behandla urettferdig. Ingen personar vart alvorleg skadde i brannen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.