Asylsøkjar må svare for mordbrannforsøk, drapstruslar og seks tjuveri

Politiet meiner asylsøkjaren toppa ein aktiv månad med å setje sju menneskeliv i fare då han sette fyr på asylmottaket på Nordeide i Høyanger. – Han nektar for å ha noko med brannen å gjere, svarar forsvararen.

Bustadbrann i Høyanger

BRANN: Riksadvokaten meiner den tidlegare Assad-soldaten starta brannen i asylmottaket på ferjekaien på Nordeide i Høyanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mannen i 30-åra kom til Norge frå Syria i fjor haust. I neste veke må han møte i Fjordane tingrett, tiltalt for drapstruslar, seks tjuveri og brot på den såkalla mordbrannparagrafen.

Strafferamma for eldspåsetjing er fengsel i mellom to og 21 år.

– Det er ein alvorleg tiltalte, og ein lovparagraf som ikkje er mykje nytta i Sogn og Fjordane. Det er riksadvokaten som har kravd påtale, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Sju menneskeliv i fare

Ingen personar vart alvorleg skadde i brannen som skjedde seint på kvelden 27. februar. Og den vart raskt sløkt. Men politiet meiner at det var den tiltalte mannen som starta den ved å setje fyr på materiale i første etasje av det 1030 kvadratmeter store bygget.

Ingvild Thorn Nordheim

STATSADVOKAT: Ingvild Thorn Nordheim prosederer saka for påtalemakta.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Og såleis sette verdiar for 17 millionar kroner – og livet til sju bebuarar – i fare.

– Dersom brannen ikkje var blitt oppdaga og sløkt i tide, kunne ein eller fleire av desse lett ha omkome, står det i tiltalen.

Nektar straffskuld

Forsvarar for mannen, Kjetil Johannes Ottesen, seier klienten hans nektar for å ha noko med brannen å gjere.

– Han seier at han budde i bygget, men ikkje hadde kjennskap til korleis brannen starta, seier Ottesen.

Mannen vart pågripen og varetektsfengsla veka etter brannen . Han er framleis varetektsfengsla.

Fleire innbrot

Mannen var nokre månader ved transittmottaket på Hønefoss, før han vart overført til det nyoppretta mottaket i Høyanger. Etter det NRK kjenner har mannen kjempa for styrkane til den syriske presidenten Bashar al-Assad.

I samband med etterforskinga av brannen kom politiet over ei rekkje gjenstandar som dei meiner mannen har stole – eller motteke frå andre.

– Dette er ein person som har gjort ein del straffbare forhold på relativt kort tid, seier Nordheim.

Nektar for drapstruslar

Mannen nektar straffskuld for tjuveri. Han nektar også for å ha truga ein annan mann med kniv, slik tiltalen skildrar.

– Han vedgår å ha krangla med ein bebuar under matlaging. Han heldt i ein kniv, men den vart aldri retta mot nokon, seier Ottesen.

Overfor mottaksleiaren skal mannen i tillegg ha trua med å setje fyr på ein bil med ein namngjeven person i. Han sa at han som soldat har drepe mange folk i Syria, og at han lett kunne gjere det igjen.

Påtalemakta meiner truslane var skikka til å framkalle frykt.

– Han nektar straffskuld for truslar, seier forsvararen.

Mannen har trekt søknaden om asyl i Norge, og vil returnere til Hellas når han slepp ut av fengsel.