Anders Mol fekk volleyballpris
Fredag kveld fekk sandvolleyballspelaren og halvt sunnfjording Anders B. Mol prisen «Kings of the beach», saman med lagkompis Christian Sørum. Prisen fekk dei under Det Europeiske Volleyballforbundet sin galla i Budapest. Sist Noreg vann ein slik pris var i 1997.