Hopp til innhold

Andenæs inn i Gjensidige-leiinga

Administerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, går inn i konsernleiinga i Gjensidige.

Gjensidigesjef Helge Leiro Baastad (t.v.) og Arvid Andenæs då avtalen vart gjort
Foto: NRK / NRK

Andenæs får ansvar for å byggje opp og vidareutvikle bankdivisjonen i selskapet.

Andenæs får tittelen administerande direktør i Gjensidige bank Holding, selskapet som eig den nye nett- og telefonbanken som er under oppbygging i Førde.

 Skal ha kontor i Førde

- Med denne posisjonen vert eg styreleiar i Gjensidige Bank og vert Gjensidige sin representant i styret for Sparebanken Sogn og Fjordane, seier Andenæs til Firda.

 

Om kort tid søkjer Sparebanken Sogn og Fjordane etter Andenæs sin arvtakar. Andenæs skal framleis ha Førde som arbeidsstad.