– For oss er det kjempeviktig å få behalde det arbeidet vi har hatt for Firda billag. No når vi har klart å levert så mange bilar, så gjer det til at vi sikrar alle arbeidsplassane, seier teknisk leiar for bussverkstaden, Roy Arve Hetle.
Bussverkstaden midt i Førde sentrum blei skilt ut frå Firda billag i 2011, men er framleis avhengig av å ha dei som kunde. Når Firda billag no skal setje 103 nye bussar i drift, betyr det også svært mykje for Trucknor.
Jobbar hardt
Verkstaden har førebudd seg godt på ein ny situasjon der eigaren Firda Billag vann anbod på rutekøyring i Sunnfjord og Nordfjord. Men utfordringane står i kø, innrømmer Roy Arve Hetle.
– Utan ei slik kontrakt som dette, så hadde vi vore nødt til å jobbe veldig hardt for å klare å halde oss oppe, og klare å halde anlegget vårt med arbeid. Dette er alfa og omega for vår del.
Alle bussane blir kvite
Alle dei nye bussane skal dekorerast med fylkeskommunen sin logo, og den nye merkevaren Kringom. Men først og fremst vil busspassasjerane merke at dei no skal sitje på i flunkande nye bussar.
– Det er jo ny teknologi på alle måtar, og vi har satsa knallhardt det siste halve året på å sende mekanikarane våre på kurs for å gje dei den naudsynte opplæringa. Det gjer til at vi kan takle dette på ein god måte når det er oppstart på anbodet.
Tett på tenestene
For Firda billag var det heilt avgjerande at dei kunne ha verkstadtenestene lett tilgjengeleg, seier teknisk leiar i billaget, Arne Hetle.
– Det betyr alt for oss. Slik som no når vi får bilane inn her, så har vi kort veg til verkstad og vi har kort veg å snakke med dei som skal reparere. At vi har Trucknor sin verkstad liggjande på vår eigedom er ein av fordelane vi har.