NRK Meny
Normal

Amerikanske Melinda gjekk lei av å sitje bak ein kontorpult

FØRDE (NRK): Melinda Balchan frå delstaten Indiana slutta i jobben for å oppleve verda frå sykkelsetet.

Melinda Balchan på veg til Førde

EKTE LANGTUR: Etter å ha sykla det meste av Noreg på langs har Balchan no komen til Førde.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg berre syklar, seier Balchan då vi møter ho eit stykke før ho kjem til Førde.

Etter å ha blitt lei av å sitte bak ein kontorpult, bestemte ho seg nemleg for å gjere draumane til røyndom.

– Eg hadde jobba i tre år og spart det meste av det eg tente, utan å vite kva eg sparte til. Då kom eg på å ta denne turen. Eg dreiv med konkurransesykling då eg gjekk på college og merka at eg verkeleg sakna å vere tilbake på sykkelen, seier ho.

Ville sjå Skandinavia med eigne auge

Melinda Balchan på veg til Førde

OPPDAGARTRANG: Melinda Balchan hadde høyrt mykje positivt om Skandinavia og bestemte seg for å sjå det med eigne auge.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Balchan byrja turen i Helsinki i Finland. Derifrå sykla ho gjennom Sverige, til Norge via Kirkenes og vidare til Nordkapp. Derifrå tok ho Hurtigruta til Senja og Lofoten. Vidare sørover var det sykkelen som var framkomstmiddelet igjen og etter ein månad i Norge har ho no komen til Førde og Sogn og Fjordane.

– No er eg på veg til Bergen, der eg skal møte nokre vennar heimanfrå, seier Balchan.

Derifrå har ho tenkt å fly vidare til Skottland.

– Endestoggen i Europa er Kroatia, derifrå har eg tenkt meg til Asia, men eg har ikkje planlagt ruta enno, seier Balchan.

Ho bestemte seg for å starte i Skandinavia, fordi det er ein plass ho alltid har hatt lyst til å reise.

– Eg har høyrt flotte ting om livskvaliteten her og hadde lyst til å sjå det meg eigne augne, seier ho.

Har aldri følt seg utrygg

Som dei fleste har fått med seg har sommarvêret vore alt anna enn strålande her til lands. Det får har Balchan fått merke til gagns.

– Då eg var i Lofoten hadde eg fire-fem dagar med perfekt vêr og ikkje ei sky på himmelen. Bortsett frå det har det mest vore regn. Det har vore tøft, for det meste har eg telta ute, seier ho.

Likevel set ho pris på allemannsretten som gjer det enkelt å finne ein plass å sove for natta, når ho ikkje søv hos vertsfamiliar ho finn på internett. I tillegg set ho pris på at ho alltid kjenner seg trygg her i Norge.

– Eg har aldri vore uroa for å bli robba eller at nokon skal oppsøke meg når eg campar, noko som har vore fantastisk, seier Balchan.

Planen er å farte rundt i eit år, før ho vender tilbake til heimlandet.

– Eg er verkeleg ikkje sikker på kva eg kjem til gjere når eg er tilbake, seier Balchan.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser