Hopp til innhold

Sykla over Jostedalsbreen

«Ingenting skal vere uprøvd» skreiv Leif Sverre Høyvik i hytteboka på Flatbrehytta før han sykla over Jostedalsbreen.

Sykla over Jostedalsbreen

SYKKELTUR: Leif Sverre Høyvik bestemte seg for å ta seg over Jostedalsbreen på ein litt alternativ måte.

Foto: Leif Sverre Høyvik

Det byrjar etter kvart å verte mange som har gått over dei norske breane. Leif Sverre Høyvik frå Jølster bestemte seg for å prøve ein ny variant.

Tok sykkelen fatt over breen

Det var ikkje noko impulshandling frå Høyvik si side. Han hadde tenkt tanken på å sykle over ein bre i mange år og natt til 30. mai vart tankar til handling.

– Eg køyrde inn til Fjærland og der batt eg sykkelen fast på sekken og bar han med meg opp til Flatbrehytta, fortel Høyvik.

Vel framme ved Flatbrehytta måtte den oppfinnsame syklisten finne seg i å vente på betre forhold.

– Eg måtte setje meg ned der å vente til sola gjekk ned. Då vart det kaldare og det fraus på, seier Høyvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sykla over Jostedalsbreen

FLATBREHYTTA: Her står sykkelen til Leif Sverre Høyvik parkert utanfor Flatbrehytta, 1000 meter over havet.

Foto: Leif Sverre Høyvik

Skreiv seg inn i hytteboka

Høyvik nytta ventetida til å skrive seg inn i hytteboka. «Ingenting skal vere uprøvd» skreiv han før han etter kvart kunne ta sykkelen fatt.

– Eg var ikkje tolmodig nok til å vente, så det var ikkje heilt ideelle forhold då eg starta, ler Høyvik som fleire gongar har kryssa Jostedalsbreen, men då på ski.

Sykkelen vart trilla frå Flatbrehytta, opp på Flatbre og inn på Supphellenipa som er 1731 meter over havet.

Strålande føre

Sykkelturen på breen vart omtrent tre mil og turen frå Flatbrehytta og ned til Bødalen baud ikkje på store problem for den erfarne breføraren.

– Det var i grunnen som forventa. Eg måtte tappe ut litt luft ifrå dekka for å få litt betre grep. Eg vurderte piggdekk, men det var ikkje naudsynt, seier Høyvik.

– Men er det ikkje forferdeleg tungt å sykle over ein bre?

– Nei, det gjekk fint. Det var ganske lett faktisk og føret var strålande, seier Høyvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sykla over Jostedalsbreen

UTSIKT: Det er ikkje noko å seie på utsikta når ein syklar over Jostedalsbreen. I bakgrunnen ser du Fjærlandsfjorden.

Foto: Leif Sverre Høyvik

– Problem med å tru på meg

Høyvik møtte ingen andre syklistar (eller skiløparar for den saks skuld) på Jostedalsbreen den natta. Når han har fortalt om det til andre er det ikkje alle som trur på han.

– He-he, nei det er nokre som har litt problem med å tru på meg, men eg har sagt det til folk tidlegare at dette er noko eg vil prøve. Likevel må eg vel seie at det var mange som vart overraska no som eg har gjennomført det, ler Høyvik.

Sykla over Jostedalsbreen

HØGSTE PUNKT: Her står sykkelen saman med varden på det høgste brepunktet, 1952 meter over havet.

Foto: Leif Sverre Høyvik

– Veit du om nokon som har gjort det tidlegare?

– Eg trur ikkje det. Eg trur det har vore uprøvd fram til eg gjorde det.

Tek gjerne fleire turar på sykkelen

Nokre fleire nyskapande «stunts» har ikkje Høyvik planar om med det fyrste, men det blir neppe den siste sykkelturen over Jostedalsbreen.

– Det var ikkje noko avskrekkande og eg kjem nok til å prøve å gjere dette fleire gonger, avsluttar Høyvik.