Førebels er det ikkje avgjort kor stor eigardel selskapet Allied Resource Corporation – ARC – vil få i Fundamus.
Kommunen framleis størst
Styret i Fundamus har handsama saka i dag og er prinsipielt positive til å få ARC inn som medeigar. Det er i fyrste omgang lagt opp til at ARC skal styrke eigenkapitalen i Fundamus. Høyanger kommune skal framleis vere største aksjonær. Kommunen eig i dag 70 % av selskapet, medan Aluwheel eig 30 %.
Utvida produksjon
Kjell Sundsli i ARC seier dei vil satse på Fundamus og utvide produksjonen. ARC er i Norge frå før medeigarar i Scanwater i Glomfjord og Porsgrunn og Promeks i Glomfjord.
Amerikanske ARC vil bli medeigar i Fundamus. ©NRK