NRK Meny
Normal

Alvorleg for fotgjengar (68)

Den 68 år gamle mannen som måndag kveld vart påkøyrd i Markegata i Florø, vart tysdag overført til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Påkøyrsle i Florø

PÅKØYRSLE: Mannen vart påkøyrd ved Markegata 19 i sentrum av Florø.

Foto: Truls Kleiven

Kommunikasjonsavdelinga opplyser i 20-tida tysdag at 68-åringen er alvorleg skadd.

Ulukka skjedde i Markegata på ein stad der det tidlegare var gangfelt . Dette er no slipt vekk, og det er heller ikkje skilta gangfelt.

Mannen vart først frakta til Førde sentralsjukehus, men tidleg tysdag overført til Haukeland i Bergen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå