Politiet fekk melding om påkøyrsla like før klokka 20. Naudetatane rykte ut. Politiet opplyser at ulukka skjedde på ein stad der det tidlegare har vore fotgjengarfelt. Dette feltet skal i følgje politiet vere no slipt vekk.
Det er førebels uvisst kor skadd fotgjengaren er. Vedkommande vart frakta til sjukehus i Førde med ambulanse.
Politiet opplyser at dei førebels ikkje har teke beslag i førarkortet til bilføraren, men legg til at dette er noko dei ser på i samband med etterforskinga.