Kristian Fossheim er utflytta jølstring, og har vore professor ved Institutt for fysikk ved NTNU i Trondheim sidan 1980. Han får prisen for at han i heile sitt virke har vore oppteken av å formidle vitskapen. Det har han gjort gjennom å skrive artiklar i blad og aviser.
Fossheim er sitert i tusenvis av vitskapsartiklar i heile verda. Han er og konsulent for vitskapsprogramma Schrødingers katt og Newton på NRK1.
Les om Kristian Fossheim i Fylkesleksikonet.