Alfred Bjørlo vil la elevar streike

Ordførar i Eid og nestleiar i hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane Alfred Bjørlo (V) meiner at elevar i skulen bør få lov til å streike for miljøet. Neste fredag skal det vere ein nasjonal klimastreik, men i Sogn og Fjordane får ikkje elevane registrert streiken som gyldig fråvær. Det likar ikkje Bjørlo. – Eg ser på klimaaksjonen som eit fantastisk viktig og godt initiativ, seier Bjørlo.