Det var full fyr i veggplatene då Bård Aske oppdaga brannen. Foto: Petter Roset, Gjensidige.
- Utan alarmen hadde truleg både driftsbygningen og kyrne gått tapt, seier bonde Bård Aske etter den dramatiske hendinga natt til tysdag.
- Eg låg i min djupaste søvn då brannalarmen gjekk, seier Aske, som fekk det travelt med å kome seg opp av senga.
Stor røykutvikling
Nesten samtidig gjekk jordfeilbrytaren slik at lyset forsvann. Han klarte å finne fram til branntavla, og den viste at det brann i mjølkerommet i fjøsen. Han sprang dei 30-40 meterane over til fjøsen. Der var det svært varmt og stor røykutvikling.
Pulverapparatet tok knekken på flammane. Foto: Petter Roset, Gjensidige.
- Dermed sprang eg tilbake og henta lommelykta og brannapparat. Det var full fyr, men eg eg klarte å sløkkje det med pulverapparatet, seier Aske som fortel at det brann i både vegg- og takplater.
Starta i styringseining
Årsaka til brannen var truleg ei styringseining til avtrekksvifta i fjøset. Den var heilt deformert. Dyra i fjøsen klarte seg bra sjølv om det var mykje røyk der.
- Eg opna opp alt for å få lufta ut, men likevel tok det 40-50 minutt før eg kunne gå inn utan røykdykkarutstyr, seier Aske.
Sjå også: To av tre manglar brannvarsling