Atle Hamar. Foto: Torje Bjellaas, NRK
Dette spleiselaget er oppretta fordi den framtidsretta oppdrettsnæringa er svært viktig for fylket, seier styreleiar Atle Hamar i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane.
70 verksemder med
Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane med 70 verksemder i ryggen er for andre gong på ei veke med på å berge høgskulestudium som det har vore føreslege å legge ned her i fylket.
Ikkje studentopptak i år
Akvakulturstudiet har lenge vore i faresona etter at søknaden til studiet har svikta, og det vart ikkje teke opp studentar til dette skuleåret.
Kan få driftsoverskot
Bedriftsnettverket meiner at Høgskulen ved å samarbeide med næringslivet og kutte ut forskingsstasjonen utan direkte pengetilskot kan få eit årleg driftsoverskot på over 1,2 millionar kroner dersom dei får nok studentar.
Må satse på samarbeid
Men akvakultur-utdanninga kan ikkje vidareførast i si noverande form, sjølv om næringslivet og fylkeskommunen garanterer for finansieringa. Det seier styreleiar og rektor Johs Taule. Han vil no satse på samarbeid med høgskulen i Bergen.
- Vi må mellom anna sjå om det mogeleg å leggje opp eit studieløp der ein er delvis i Sogn og Fjordane og delvis i Bergen, seier han.
Høgskulestyret i Sogn og Fjordane skal fredag mellom anna drøfte om det skal settast i gang eit utviklingsprosjekt kring akvakulturstudiet.