Akutt sjuk kommunepolitikar

Ein politikar i Aurland vart akutt sjuk under kommunestyremøtet torsdag, skriv Sogn Avis. Møtet og streaminga av møtet vart stoppa og politikaren vart køyrd til Lærdal sjukehus. – Det går bra med vedkommande, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp) til avisa.