Fyrst og fremst trur ho at folk vil bli enno meir negativ i si oppfatning av korleis leiinga i Helse Førde handterer konfliktar på.
- Ikkje opptatt av informasjon og tillit
- Når vi har mobilisert for sjukehusa har vi fått høyre at dei har sett større forsamlingar. Nå vi målbærer folk sin bekymring over kuttforslaga får vi høyre at det er vi som skaper frykt. Dette er signal som tydeleggjer at Helse Førde ikkje er opptatt av verken informasjon eller tillit i forhold til innbyggjarane i fylket, seier Øien Hauge.
Hauge ser heller ikkje vekk ifrå at dette vil få konsekvensar for samansetjinga av styret i Helse Førde.
Helse Førde-styret. Foto: Heidi Lise Bakke