NRK Meny
Normal

Krev at Tine trekkjer seg ut frå gruveselskap

Leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, krev no at mellom andre Tine sitt pensjonsfond dumpar aksjane sine i gruveselskapet Nordic Mining.

Arnstein Vestre

VIL AKSJONERE: Arnstein Vestre i Natur og Ungdom reagerer sterkt på at norske, kjende selskap er inne på eigarsida i Nordic Mining.

Foto: Natur og Ungdom

Organisasjonen Natur og Ungdom kjem til å markere sin motstand mot utslepp av gruveavfall under Nordic Mining si generalforsamling i ettermiddag.

Generalforsamlinga skal haldast på eit hotell i Oslo sentrum, og miljøorganisasjonen oppmodar no aksjeeigarane om å trekkje seg ut av gruveselskapet.

Fekk løyve frå regjeringa

– Dump aksjane, ikkje bruk Førdefjorden som avfallsplass, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Tysdag 17. april fekk Nordic Mining som kjend løyve til å sleppe ut inntil 250 millionar tonn gruveavfall til Førdefjorden. Selskapet, som er børsnotert, hadde ein markant oppgang i aksjeverdien etter regjeringa sitt vedtak.

Utfordrar til å selje aksjane

No meiner Natur og Ungdom at fleire kjende investeringsselskap straks trekk seg ut av Nordic Mining.

– Eg utfordrar Tine, Skagenfondene og DNB til å trekke seg ut av det som kan bli tidenes største forureiningsskandale, seier Vestre.

– Uhaldbart av Tine

Han reagerer særleg på at Tine er aksjonær i selskapet.

– Det er ingen skam å snu. Det er uhaldbart at Tine mjølk, som er opptatt av rein norsk mat, er investert i et prosjekt som vil føre til auka utslipp av tungmetall og kjemikaliar i ein nasjonal laksefjord, meiner Vestre.

Ivar Fossum

VIL VERE OPEN: Ivar Fossum i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Ønskjer openheit

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier til NRK at dei ønskjer full openheit rundt alle prosessar.

– Eg har ingen problem med at Natur og Ungdom ønskjer å markere sitt syn i denne saka i samband med vår generalforsamling, seier Fossum.

Har seld seg ned

Informasjonsdirektør i Tine, Lars Galtung, seier til NRK dei selskapet tek Natur og Ungdom sitt utspel på alvor. Men han vil ikkje love at selskapet sitt pensjonsfond vils selje seg heilt ut.

Vi kan jo ikkje seie at vi skal dumpe desse aksjane på førehand. Vi har til ei kvar tid ei kontinuerleg vurdering av dei investeringane ein er inne i. Vi går i alle fall i rett retning i forhold til det Tine ønskjer seg. Vi har redusert vår andel frå fem prosent til litt under 3,8 prosent, seier Galtung.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå