Sjøfartsdirektoratet slo alarm etter at dei og Sjømannsforbundet fekk tips om at ikkje alt er på stell om bord i den over 40 år gamle båten, som tidlegare bar namnet «Isleifur» og då vart brukt som fiskebåt.
To filipinske menn har fått beslaglagt passa sine og det er avdekt at dei to har ei løn på 1100 dollar i månaden, om lag 9000 kroner i månaden.
Rune Larsen i Sjømannsforbundet er også på staden og meiner at forholda om bord er sterkt kritikkverdige.
– Dei treng ikkje hente folk frå utlandet og la dei gå på meir eller mindre slaveløn. Dette er sosial dumping, seier Larsen, som sjølv har vore om bord i føremiddag.
Han fortel at dei filipinske sjømennene heller ikkje har arbeids- og opphaldsløyve i Noreg, slik lova krev.
– Alvorleg
Båten ligg til kai ved sildoljefabrikken til Pelagia i Deknepollen. Den skal vere lasta med fiskeavfall som vert brukt til fôr i oppdrettsnæringa.
Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet gjekk om bord i båten i går. I dag gjekk dei på nytt om bord for å halde fram kontrollen.
– Så langt tel lista over feil og manglar 31 punkt. Ein god del av forholda som er avdekte ser vi på som alvorlege, opplyser Alf Tore Sørheim, avdelingsdirektør for kontroll og inspeksjon.
– Får ikkje segle vidare
Ifølgje Sørheim skal båten vere overlasta og ha ei rekkje tekniske feil og manglar som utgjer ein tryggleiksrisiko. I tillegg har dei og funne forhold i kontraktar og formalitetar som det ikkje er orden på.
– Vi held tilbake båten. Den får ikkje segle vidare før feila og manglane er retta på og vi har godkjent utbetringane. Men det er mogeleg at den får segle til verkstad for eiga maskin. Dette vil verte avgjort når vi er ferdig med inspeksjonen i dag, seier Sørheim.
– Dårleg betalt styrmann òg
Resten av mannskapet skal vere norske. Larsen fortel at overstyrmannen heller ikkje er godt betalt med ei månadsløn på kring 40 000 kroner.
– Også dette er langt under det han har krav på, seier forbundsinspektøren.
Larsen er oppteken av å få fokus på løns- og arbeidsforholda til sjøfolka som seglar langs kysten.
– Det er forferdeleg mykje sosial dumping på båtar som går langs norskekysten, seier han.
Dei to filippinarane er avhøyrde av politiet og fråtekne passa sine inntil vidare. Lensmann Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor seier dei to filipinarane ikkje er avhøyrt enno, og at dei vil verte transporterte til Bergen der saka deira vert handsama som ei utvisingssak.
Reiaren: – Alt er i orden
Odd Økland i eigarselskapet Havsula Invest A/S stadfestar at dei har fått ei liste over manglar om bord i «Ottar».
– Vi meiner at det berre er snakk om småting og det skal vi fikse opp i.
– Kva med arbeidsforholda for dei tilsette om bord?
– Alt skal vere i orden med det.
– Men politiet har gjort beslag i passa til to fillipinarar om bord. Er då alt i orden?
– Eg vil ikkje seie meir om dette no.
Havsula Invest A/S er eit reiarlag med base i Blomsterdalen i Bergen og driv med hav- og kystfiske. Selskapet er igjen eigd av to familieselskap i Økland-familien.