Aketur fekk dramatisk slutt for tenåringar

To 13 år gamle gutar måtte bli redda av helikopter etter at dei aka utfor ein skrent i Loen.

Hoven

POPULÆR AKESTAD: Aking har blitt meir populært den første vinteren etter at gondolbana til Hoven opna.

Foto: Hoven Loen AS

– Gutane ringde sjølve til politiet og bad om hjelp. Alle naudetatane blei varsla, og Hovedredningssentralen i Sør-Noreg valde å sende ut eit redningshelikopter, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Erik Thue.

Det var på laurdag at to gutar i eit turfølge tok gondolbana opp for å ake ned fjellet Hoven. Aketuren blei alt anna enn det tenåringane hadde sett for seg, då dei plutseleg aka utfor ein skrent.

Dei 13 år gamle gutane kom seg verken opp eller ned, og såg ikkje anna utveg enn å be om hjelp.

– Gutane var engstelege. Vi hadde heile tida kontakt med ungdomane på telefonen, og informerte dei om kva som ville skje. Alt i alt tok dei det heile med fatning, seier Thue.

Ein paraglider var tilfeldigvis i området og fekk lokalisert tenåringane.

– Vi fekk gutane opp frå skrenten, og frakta dei ned frå fjellet med snøscooter. Gutane kom frå det heile utan skader, seier Thue.