Hopp til innhold

Aftenposten: Unge Høgre-topp visste om seksuell omgang

Tidlegare generalsekretær i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe, stadfestar at han visste om seksuell omgang mellom tidlegare Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise og ein rusa 16-åring.

Erlend Svardal Bøe

BEKLAGAR: Erlend Svardal Bøe beklagar at han og partiet ikkje gjorde meir for å stoppe framferda til den til den tidlegare Unge Høgre-leiaren.

Foto: Mark Ledingham

Det er Aftenposten som skriv dette i dag.

Overfor avisa stadfestar Svardal Bøe at han var kjend med denne episoden då han overtok som generalsekretær i 2015.

Året etter vart Tonning Riise likevel attvald som leiar i Unge Høgre. Dette skjedde trass i at fleire fylkeslag forsøkt å hindre attval i 2016. Samstundes sat vardal Bøe som sekretær for valkomiteen som innstilte på attval.

Florøværingen, som i dag er gruppeleiar for Høgre i bystyret i Tromsø, vedgår overfor Aftenposten at han ikkje informerte valkomiteen om hendinga. I ein SMS til avisa skriv han følgjande: «I ettertid ser jeg at det burde jeg helt klart ha gjort, og det gjør meg vondt å tenke på. Jeg forsto ikke omfanget av hendelsen og var ikke klar over omstendighetene rundt. Det beklager jeg.»

Svardal Bøe vedgår også at han og Unge Høgre burde gjort meir for å stoppe framferda til den dåverande leiaren, og handtert saka på ein betre måte.

Høgre har i alt fått inn totalt 18 varsel om upassande framferd. 10 av dei skal gjelde den tidlegare leiaren av ungdomspartiet, Tonning Riise, som for tida er sjukmeld.