Hopp til innhold

Aetat svindla igjen

Ein 60 år gammal svenske er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 45 dagar for å ha svindla til seg 81.00 kroner frå Aetat.

Frode Henden
Foto: NRK

Dette er den tredje saka på kort tid her i fylket der Aetat er svindla.

Denne gongen har ein arbeidsledig svenske heva dagpengar i Sunnfjord, medan han heldt stilt om at han hadde flytta tilbake til Sverige. Dermed fekk han utbetalt kring 81.000 kroner i dagpengar, som han ikkje hadde krav på.

Nyleg vart ei kvinne dømd for å ha svindla til seg 116.000 kroner ved å heve dagpengar samstundes som ho hadde løna arbeid. Før jul vart ein mann dømd av same grunn, og summen var då 155.000.

Betre kontroll

Fylkesarbeidssjef Frode Henden har denne forklaringa på kvifor heile tre personar på kort tid er dømde for svindel.

- Ein heil del av forklaringa er at vi har fått eit meir effektivt kontrollapparat og eit betre samarbeid med trygdeetaten og likningskontora. 

Men Henden legg ikkje skjul på at det også er ein auke i forsøk på lureri.

- Nasjonalt ser vi at terskelen for å lure ulike statsetatar kanskje er blitt litt lågare enn den var før.