- Då eg starta selskapet med ein aksjekapital på 300.000 kroner, så fekk vi raskt problem med likviditeten. Vi hadde problem med å få kassakreditt, og fekk via andre tips om at å svindle med meirverdiavgift var ein måte å løyse dette problemet på. Det sa Jarle Kvalheim på spørsmål frå aktor om kvifor han starta momssvindelen.
Aktor prøvde vidare å få klårleik i kvifor han vedgjekk momssvindel berre tilbake til 1995 i sitt første avhøyr. Det forklarte Kvalheim med at han var i sjokktilstand. I tillegg peika han på at han i si forklaring opplyste til Økokrim at alle opplysningane var å finne på kontoret.
Dårleg forretningsmann
Ei av årsakene til at han heldt fram med svindelen var at dei fekk likviditetsproblem, då dei i 1995 ikkje fekk eit lån dei var lova i samband med kjøp av eit oppdrettsanlegg.
Han vedgår at verksemda var tufta på svindel, og at den ikkje hadde klart seg utan denne svindelen. Kvalheim vedgjekk også at han var ein dårleg forretningsmann som ikkje klarte drive butikken på lovleg vis.
Den einaste som visste
På spørsmålet frå aktor om han var åleine om dette, så sa Kvalheim at det berre var han som visste om svindelen. Det var han som hadde all kontakt med oppdrettarane, og dei tilsette hadde ordre om at det var han sjølv, og berre han, som skulle ha kontakt med oppdrettarane han handla med i Nord-Noreg.
Pengane han fekk inn på svindelen, brukte han på løpande driftskostnader i selskapet. Og då i stor grad til betaling av oppdrettarar, som han betalte betre enn alle andre. Dette gjorde han fordi det då var lettare å drive handel. Han såg også at på den måten auka omsetnaden i selskapet.