Per Kjetil Stautland starta utspørjinga si av Kvalheim i tingretten i Førde i ettermiddag. Foto Randi Indrebø © NRK
Frå forsvaret si side var det prøvd få fram eit bilete av at Kvalheim heile tida har vore samarbeidsvillig, og ikkje forsøkt skjule noko for politiet, då han vart pågripen i januar for eitt år sidan. Kvalheim har erkjent bedrageri av 275 millionar momskroner frå staten. Men ikkje tiltalepunktet som omfattar økonomisk utroskap på 40 millionar kroner.
Ba alle samarbeide med poitiet
–Eg sa til alle tilsette at dei skulle samarbeide med politiet og Økokrim og hjelpe politiet med å finne fram det materialet dei hadde behov for, sa Kvalheim i retten. Eg har også tilbydd Økokrim om hjelp til å få svar på dei spørsmål dei trengte i etterkant av arrestasjonane.
Ikkje overraska
Kvalheim fortalde også i retten i dag at han ikkje vart overraska over at Økokrim slo til mot verksemda hans. –Eg visste at det eg gjorde var galt og at det var gjort i svært stort omfang.
Men han gjentok samstundes i retten i dag at han var prega av arrestasjonen som fann stad for eitt år sidan. – Eg var i sjokktilstand, sa Kvalheim. – Og dette kan ha påverka forklaringa til politiet den gong, sa 52 åringen. Dette sa han for å forklare manglande samsvar mellom det han fortalte i retten i går og tidlegare politiforklaringar.