Hopp til innhold

Tor Bremer; «Klimakrise meg midt i røvi»

Natur og ungdom sjokkert over stortingspolitikaren frå Ap sitt innlegg på Facebook.

Klimakrise meg midt i røvi

Om innlegget til Tor Bremer vil skaffe han framtidige velgjarar blandt klimabevisst ungdom er kanskje heller tvilsamt. Natur og Ungdom rasar mot stortingspolitikaren sine kommentarar om vêret. Bilete henta frå Facebook.

- Eg tenkte med ein gong eg høyrde om det; er dette ein vaksen person, seier leiar i Natur og Ungdom, Inger Fure Grøtting.

På nettsida yr.no kan du få svar på kvifor det er så kaldt når det er klimakrise.

- Ekstremt

Tor Bremer

Tor Bremer meiner det ikkje er noko ille at han skildrar sine kjensler kring vêret på facebook.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

På facebookstatusen sin skriv ein tydeleg vêrfrustrert stortingspolitikar Tor Bremer frå Arbeiderpartiet at han sit innesnødd i eit fly i Amsterdam, klimakrise meg midt i røvi.

Like før jul var verdas leiarar samla i København for å få på plass ein klimaavtale som alle landa kunne forplikte seg i. Møtet fekk massiv merksemd over heile verda, og svært mange miljøaktivistar samla seg i byen for å markere misnøye med dei politiiske leiarane sin innsats på klimamøtet.

- Ein heilt naturleg kommentar

- Eg synest dette er ganske ekstremt. Klimaendringane er farlegare enn nokon gong. Og at ein stortingspolitikar kan formulere seg på ein slik måte meiner eg er ganske merkeleg, seier Grøtting.

- Akkurat då eg sat innsnødd i Amsterdam følte eg at klimakrisen var ganske langt vekke, forsvarar Bremer seg.

Nektar å halde kjeft

Natur og Ungdom demonstrerer i København

- Er dette ein vaksen mann? undra Natur og Ungdom då dei høyrde om utspelet til Bremer.

Foto: Ane Marte Rognskog

- Han burde ha lese seg opp på klimaendringane, meiner Grøtting som synest det er under mål at ein stortingspolitikar kan ytre seg på ein slik måte.

Men Bremer er ikkje redd for å vekke harme hjå klimavenleg ungdom. Han har heller ikkje tenkt å halde opp med å skrive det som fell han inn på facebook sida si.

- Eg veit godt kor alvorleg klimakrisa er, men eg vil halde fram med å skrive det eg tenkjer.

- Dårleg av Ap

- Det er noko eg ikkje vil slutte med.

Om det vil skaffe han framtidige velgjarar blandt klimabevisst ungdom er kanskje tvilsamt.

- Eg kan ikkje seie at Arbeiderpartiet har gjort så mykje bra i miljøsaker. Når dei i tillegg uttaler seg på denne måten er det heile svært merkeleg, seier Grøtting.

Natur og Ungdom i København

Natur og ungdom protesterte mot klimakrisa i København før jul, og mieiner stortingspolitikar Bremer sitt utspel på facebook er ille.

Foto: Ane Marte Rognskog