Stautland meiner dette er hårreisande metodar frå Økokrim si side.
Økokrim sa til NRK i går at dei vurderer å ta ut tiltale mot kona til Jarle Kvalheim. Dei vil mellom anna etterforske ho i samband med overføringa av pengar frå Pan Fish, då oppdrettsverksemda til OK Fish vart seld. 21 millionar vart då overført til eit anna selskap, og det skulle vere skilsmisseoppgjer til kona.
–Alle desse siktingane som Økokrim har kome med i media
opprører meg kraftig. Dei har handert saka
på ein hårreisande måte, sa Stautland.
–Har politiet informert kona til Jarle Kvalheim om at ho er
under etterforsking, spurde Stautland etterforskar Halvard
Enoksen om.
–Nei, ikkje spesielt at det er etterforsking mot henne. Men namnet har dukka opp ved fleire høve.
–Er det vanleg praksis at polititet brukar media til å informere personar om at dei kan bli tiltalte, spurte forsvararen vidare.
–Eg veit ikkje om politiet har gjeve slike opplysningar til media. Og eg vil ikkje ha ei meining om kva som er vanleg praksis på dette området, svarte Enoksen.