Hopp til innhold

Meiner krisetilbodet er for dårleg

– Familiar som opplever å miste nokon i sjølvmord treng hjelp i lang tid framover. Det sa forskar Kari Dyregrov under ein konferanse i Førde torsdag.

Kari Dyregrov

KVA SKJER MED DEI PÅRØRANDE?: Konferanse i Førde med fokus på kva som skjer med dei som opplever at ein av deira kjære tek livet sitt.

Foto: Montasje: Gro Ravnestad / NRK

Ho meiner kommunane ikkje har eit godt nok krisetilbod til familiar i dag.

– Eg skulle veldig gjerne sagt at alt var bra men slik er det ikkje. Når det er sagt så har det aldri vore betre enn no.

Dyregrov syner til at kommunane er blitt medvitne på viktigheita av å ha kriseteam, og at dei inkluderer dei etterlatne etter sjølvmord i arbeidsoppgåva til kriseteama.

Torsdag er ho i Førde for å delta på ein konferanse der temaet er kva som skjer med dei som opplever at ein deira kjære tek sitt eige liv.

Miste bror og son i sjølvmord

Til stades på konferansen er også Hildegunn Støve frå Fjelli i Stryn. Ho miste både sonen og broren i sjølvmord.

– Den første reaksjonen når du opplever noko slikt, er jo at du blir heilt utslått. Ein klarer ikkje å tenke klart når ein får eit slikt sjokk.

Ho fortel at då ho opplevde det første gongen, då broren tok sitt eige liv, så sleit ho med å bearbeide sorgreaksjonane. Ho kjende seg svært åleine.

Hildegunn Støve

MISTE SON OG BROR: Hildegunn Støve frå Fjelli Stryn.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det var ikkje kriseteam, det var ikkje fagfolk som kunne seie; Hildegunn dette kjem til å ta tid. Dette er noko du kjem til å bere med deg resten av livet.

– Det å skulle finne ut av dette på eiga hand var vanskeleg.

For 10 år sidan opplevde ho det på nytt, då son hennar valde å avslutte livet.

– Då var det eit kriseteam som var der og som tok grep i forhold til familien, og eg så verdien av den hjelpa vi fekk.

I dag er Støve sjølv engasjert i pårørandegruppa Leve, og det er gjennom den ho er på konferansen i Førde.

– Det er viktig å ha eit treffpunkt, sjølv om tanken i dag er å nå ut til studentar og fagmiljøet slik at dei kan vere førebudde på kva situasjonar dei kan kome opp i.

Aldri vore betre enn i dag

–Dersom eit kriseteam fungerer så har aldri forholda lege betre til rette for at etterlatne skal hjelp enn i dag.

– Men, seier ho, vi ser jo framleis at det sviktar like fullt.

Det er gjerne når den første veka, eller første vekene har gått at støtteapparatet sviktar. Ein klarer ikkje å gi andre hjelparar beskjed om at her trengst det vidare oppfølging.

– Hjelp over tid er noko dei etterlatne alle i alle år har fortalt sviktar.