NRK Meny
Normal

–Dramatisk om vi skulle miste tannklinikken

– Det vil vere uhaldbart om dei skulle legge ned begge tannklinikkane i kommunen, seier Audun Åge Røys, som er ordførar i Bremanger.

Oddmund Klakegg, Morten Askvik og Audun Åge Røys

KRITISKE TIL KUTTFORSLAG: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), Ordførar i Hyllestad Morten Askvik (Sp), ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H).

Foto: Montasje: Ole Andre Rekkedal/Stine Kyrkjebø Johansen/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at det torsdag vart kjent at fylkesdirektør for tannhelsetenesta i fylket, Clara Øberg, vil halvere talet på tannklinikkar. Mange kommunar blir no ståande heilt utan tannklinikk.

– Dette vil gå ut over dei svake gruppene som born og eldre. Skuleborn som i dag kan gå til tannlegen blir med dette avhengige av følget når dei må reise til tannlegen i nabokommunen, seier tannlege Judith Kapstad i Jølster.

Jølster er ein av 13 tannklinikkar som no blir er føreslått lagt ned.

2 timar reisetid

I Bremanger, som med dette forslaget blir ståande heilt utan tannklinikkar, ser ordførar Audun Åge Røys mørkt på framtida.

– Det verkar som dei no skal tyne siste resten ut av oss, seier Røys.

Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte til beinet, og spare minst 200 millionar kroner . Forslaget frå fylkesdirektøren for tannhelse vil kunne gi innsparingar på 11 millionar kroner. I Bremanger er dei næraste tannklinikkane i Florø eller Vågsøy, noko som gir ein time reisetid.

– Det er klart ein kan spare, men ein kan ikkje gjere det på ein måte som går ut over innbyggarane på ein slik måte. Eg kan ikkje tenke meg at dette kan bli vedtatt, det vil bli alt for dramatisk for oss i distrikta, seier Røys.

Han får støtte frå ordføraren i Hyllestad som heller ikkje kjem til å ha tannklinikk i framtida, dersom forslaget går i gjennom..

– Tannklinikken er eit viktig helsetilbod til våre innbyggarar, for vår del vil dette forslaget bety at vi no må ut av kommunen. Set ein opp slike hindringar så vil det føre til at ein brukar denne tenesta mindre, seier ordførar Morten Askvik.

Baklengs inn i framtida

Alfred Bjørlo og Judit Kapstad

GÅR UT OVER DEI SVAKE. Tannlege Judith Kapstad i Jølster.

Foto: NRK

Det blir tungvint for folk, tenestene blir mindre tilgjengelege. Ideen om at sentralisering gir betre tenester det gjeld ikkje for tannhelsetenesta, fordi det er ei primærhelseteneste på lik line med dei andre helsetenestene og difor har Stortinget bestemt at denne tenesta skal vere kommunalt forankra, seier Kapstad.

Også ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, reagerer på at fylket midt ein kommuneprosess, vil kutte i ei teneste som er føreslått overført til kommunane.

– Fylkeskommunen har tydelegvis ikkje tatt det heilt inn over seg at tannhelse faktisk er ei av dei få tenestene som skal overførast frå fylka til kommunane. I staden vel dei å kutte ned på den og omorganisere, seier Klakegg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå