Hopp til innhold

Fattige born finst også i Sogn og Fjordane

«Barnefattigdom» er eit omgrep ein ikkje høyrer mykje i Sogn og Fjordane. Likevel er det eit veksande problem i heile landet.

BArnefattigdom

EIT VEKSANDE PROBLEM: Sidan 2001 har andelen born som lev under fattigdomsgrensa stige i Noreg.

Foto: Scanpix

Barnefattigdom er eit alvorleg problem, seier Siren Rørgård Skjerven hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I 2012 var det om lag 1.000 born i fattige familiar i fylket. I 2014 var talet 1.409. Talet er eit aukande i heile landet.

Siren Rørgård SKjerven

BEKYMRA: Skjerven ser med bekymring på at barnefattigdomen i landet aukar.

Foto: Privat

– Fattigdom handlar ikkje berre om mangel på mat, klede og ein stad å bu. Omgrepet me nyttar i Noreg inneber også det å ikkje kunne delta sosialt på lik linje med andre born, legg Skjerven til.

Sidan 2001 har born som lev under fattigdomsgrensa i meir enn tre år stige frå 3,3 % til heile 9,4 % i 2014 i Noreg. I Sogn og Fjordane ligg talet på 6,5 %.

Sjølv om Sogn og Fjordane har nest best resultat av alle fylke i landet, er det store skilnader mellom kommunane.

Laster innhold, vennligst vent..

Kommunane Lærdal, Hyllestad og Solund er ikkje med i statistikken, grunna manglande data.

Får færre søkjarar

Alle kommunar i fylket kan søkje hjå Fylkesmannen om øyremerka midlar.

– Likevel er det relativt få kommunar som søkjer tilskot hjå oss, seier Skjerven.

I 2015 søkte tre kommunar etter pengar til tiltak for å førebyggje barnefattigdom. Luster og Flora fekk innvilga søknad, og fekk i 2016 utbetalt 765 590 kr til saman. Leikanger fekk ikkje innvilga, grunna manglande kartlegging av situasjonen i eigen kommune.

– Kriteria for søknaden blir informert om på Fylkesmannen si nettside og på Nav-leiarsamlingar, der kommunane i fylket er representert, seier Skjerven.

Men trass i tilbodet til kommunane, veks barnefattigdomen i Noreg. Sidan 2013 har berre fire kommunar fått stønad. Det er få, men Fylkesmannen har heller ikkje mykje midlar å rutte med, forklarar Skjerven.

Nav-dokument (illustrasjon)

TILGJENGELEG: Denne søknaden, i tillegg til reglementet rundt midlane, blei sendt til alle kommunar i fylket 13.11.2015.

– Er det mange søknadar, vert kommunar som skårar lågt på levekårsvariablar prioritert, men til no har det vore få søknadar, så alle som oppfylgjar kriteria har fått tilskot, legg Skjerven til.

Har ikkje søkt om midlar

Kommunen som ligg øvst på tabellen i fylket, Hornindal, søkte i 2016 ikkje etter midlar frå Fylkesmannen. Dette er grunna at kommunen er i ein spesiell situasjon, meiner rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland.

Rådmann i Horndingal, Ann Kristin Langeland, innrømmer at situasjonen ikkje er bra.

OVERRASKA: Rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland meiner ein slik statistikk er vanskeleg å nytte i ein småkommune med 1 200 innbyggjarar.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Me er litt overraska over det som kjem fram av statistikken, i forhold til korleis me kjenner verkelegheita i Hornindal, seier Langeland.

– Det er små forhold i vår kommune, og det skal lite til for å slå ut på den statistikken, legg rådmannen til.

Langeland meiner Hornindal er vanskeleg å samanlikne med andre kommunar i ein slik statistikk.

– Hornindal har høg grad av sysselsetjing, og ingen som lev av sosialtilskot åleine. Statistikk er statistikk, men me vurderer vår situasjon på grunnlag av vår kjennskap til dei sosiale forholda i vår kommune, seier Langeland.

– Me veit at nokre familiar gjer eit val, der ein forelder ynskjer å vere heime med borna sine, og då fell ei inntekt bort. Dei vel med dette sine eigne prioriteringar, og det skal me ha respekt for, seier Langeland.

Laster innhold, vennligst vent..

Er nest best i landet

Situasjonen med barnefattigdom varierer mykje innanfor Sogn og Fjordane. Årdal kommune, med sine om lag 6 000 innbyggjarar, har teke imot midlar til å motarbeide barnefattigdom dei siste tre åra. Dei låg i 2014 på 2,6 %, nest lågast i heile Noreg.

– Me får folk ut i arbeid i denne kommunen, seier leiar i Nav i Årdal, Mette Hestetun Berg.

Nav-leiar i Årdal Mette Hestetun Berg.

HAR TRUA: Berg meiner Årdal kommune vil greie seg godt, også når stønaden tek slutt.

Foto: Privat

– Men sjølv om statistikken syner gode tal, har det sikkert vore utfordringar i Årdal også, legg Berg til.

Sjølv om Årdal har teke imot øyremerka pengar frå Fylkesmannen til å motverke barnefattigdom, trur Berg mykje kjem av kommunen sin eigen økonomi. Ho peikar på Årdal si inntekt og høg sysselsetjing som hovudgrunn til gunstige tal i barnefattigdomsstatistikken.

Men det var ikkje for ingen grunn Årdal søkte om midlar mellom 2012 og 2015. Når kommunen såg arbeidsmarknaden bli svekka, ville dei bu seg på større arbeidsløyse.

– Arbeidsløysa steig, folk fekk ikkje seld husa sine, og det såg skummelt ut for Årdal som samfunn. Då søkte me om pengar frå Fylkesmannen for å setje i gong forskjellige tiltak, slik at born skulle bli minst mogleg råka, seier Berg.

Etter Årdal fekk økonomisk stønad i tre år, må dei i framtida greie seg utan hjelp frå fylkesmannen.

– Eg trur ikkje det er stønaden som har vore avgjerande for Årdal, men meir ei starthjelp for å få i gang arbeidet, seier Nav-leiaren i Årdal.

Ser framover

– Me har ikkje oppfatta at barnefattigdom har vore eit problem i vår kommune fram til i dag, seier rådmannen i Hornindal.

– Men me ser trendane i samfunnet, og kommunen skal vere svært obs på dette framover, legg ho til.

Det er fint at me får slike statistikkar utarbeidd, som gjer at me set fokus på det.

Ann Kristin Langeland

Har de tenkt på å søkje om midlar for å nytte dei til førebyggjande arbeid, skulle situasjonen i kommunen endre seg?

– Me har ikkje vurdert det fram til i dag, men det kan bli aktuelt seinare, skulle problemet vekse.

Hornindal kommune skal ha ei ny evaluering og vurdere om det er føremålstenleg å søkje om desse midlane til neste år.

Arbeidsledighet

VIL UNNGÅ DETTE: Skjerven trur deira beste våpen mot barnefattigdom er arbeid til foreldra.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Ser ei mogleg løysing

«Felles for barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt, er at foreldra har svak eller inga tilknyting til arbeidslivet. Både låginntekt og sosiale problem kan overførast frå ein generasjon til ein annan.»

Fråsegna kjem frå Nav sin utlysingstekst som blei sendt saman med tilbodet om å søkje etter midlar, og forklarar det same som Skjerven fortel; fattige born kan komme av fattige foreldre.

Skjerven meiner nøkkelen til barnefattigdomsproblemet ligg i samarbeid mellom fleire etatar, slik at foreldra har arbeid.

– Det er viktig at når personar søkjer yting på Nav-kontoret, blir born og deira behov sett, seier Siren Rørgård Skjerven.

Felles for mange barn som lever i familiar med låg inntekt, er at foreldra har liten tilknyting til arbeidsliv, og Skjerven tykkjer difor at desse problema bør behandlast parallelt.

– Om foreldra kan forsørgje seg sjølv, gagnar det også borna, seier Skjerven.

Nye rapportar

Alle kommunar som har fått stønad skal levere rapportar, og regjeringa ser på effekten av ressursbruken.

«Regjeringen fører en politikk som vil forebygge fattigdom og gi flere en vei ut av fattigdom», står det i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin strategi frå 2015. Om Fylkesmennene i Noreg no får meir stønad, veit ein enno ikkje.

Skriv frå regjeringa

FØREBYGGER: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin strategi for born som lev i fattigdom, understrekar måla regjeringa har.