Hopp til innhold

Fleire vil no hjelpe dei som ikkje har fått plass

I sumar har det vore ekstra stor pågang av familiar som ynskjer å kome seg med på Røde Kors sitt gratis tilbod "Ferie for alle".

I sumar har det vore stor pågang av familiar som ynskjer å kome med på Røde kors sitt ferietilbod. Vi møter ein seksbarnsfamilie som denne veka ferierer på Hauglandssenteret i Fjaler. «Ferie for alle» er gratis og retta spesiet inn mot barnefamilien som slit økonomisk. 
Dei siste åra har det vore ei auke av familiar som søkjer om å kome med og tusen har stått på venteliste. Ferske tal frå Riksrevisjonen syner at det har gått frå 67 000 fattige born i Noreg i 2006 til 78 200 i 2012.

SJÅ TV-SAK FRÅ VESTLANDSREVYEN: Foto: Heidi Lise Bakke: Redigering: Steinar Lote. Reporter: Torbjørn Selseng.

Det vert fleire og fleire fattige born i Norge. Det syner nye tal frå Riksrevisjonen. På landsbasis står over 1000 vaksne og born i kø. «Ferie for alle» er gratis og retta spesielt inn mot barnefamiliar som slit økonomisk.

Også Røde Kors i Sogn og Fjordane merkar behovet, gjennom rekordstor pågang. Av 310 søkjarar har 217 fått plass.

Ferieplanane neste år er allereie klare

Ei av dei heldige som har fekk plass er 11 år gamle Saydo Ahmed Mohammed, som denne veka ferierte saman med heile familien på Hauglandsenteret i Fjaler.

– Eg synest det er kjempefint her! Eg har lyst å kome tilbake neste sumar, seier Mohammed.

For ferien har betydd mykje for den unge jenta. Her for ho prøve og gjere alt det born fortener i ferien.

– Det er fint. Eg likar å skyte med pil og boge, eg har gjort det før også. Denne veka har eg gjort mange aktivitetar. I går rei eg på hest, det var kjempefint. Eg har svømt, det likar eg veldig godt!

– Har du fått nye vener her?

– Ja, ho heiter Helena. Vi er alle vener her. Eg er kjempeglad, seier Mohammed.

Nye venskapsband

Katrine Eldevik

VENSKAP: Vert forma på desse leirane, seier Kartrin Eldevik

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leirsjef på Hauglandsenteret, Katrin Eldevik, kjem tettare på foreldra og borna enn dei fleste.

Trongen for tilbod som "gratis ferie for alle " vert berre større og større.

– Dei smiler, dei er glade og når vi fortel kva aktivitetar vi skal i gang med jublar dei. Dette betyr mykje for familiane, som sannsynlegvis ikkje hadde kome seg på ferie. Her kan dei nyte ferien, sleppe å lage middag og kose seg i lag.

Det kjem familiar både frå Norge og andre land, seier Eldevik. Mange kjem igjen år etter år, men mange nye familiar har kome til dette året. Veka på Hauglandsenteret skaper mange nye venskapsband, på tvers av familiar, nasjonar og geografi.

– Mange fekk vener i løpet av første dagen. Då kom dei til oss og spurte om å få bytte gruppe, for å vere med nokon dei vart kjente med, seier Eldevik.

Stor respons etter køane vart kjende

Bente Nilsen

BEHOV: Utruleg takksam for dei som hjelper, men framleis større behov.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Likevel er det altså nesten 100 søkjarar i Sogn og Fjordane som ikkje har ein ferie å sjå fram til i år, og står i fare for å heller ikkje ha ein å sjå tilbake på.

Tidlegare i sommar gjekk Bente Nilsen, leiar for omsorg i Sogn og Fjordane Røde Kors, ut å sa ho var uroa over det høge talet på familiar som sto på venteliste.

Responsen etter oppslaga lét ikkje vente på seg.

– Comfort Hotel Florø hadde lyst å gjere noko, så dei tilbydde åtte langweekendar til familiar som står på venteliste hjå oss. Seks av dei helgene er no fylte, seier Nilsen.

I tillegg har privatpersonar og familiar tilbydd hjelp.

– Nokon som har lyst å gje pengar, reine pengar. Eit anna tilbod er ein kystferie, med eit hus med fullt kjøleskap og full tank på bilen. Det tredje er ein gardsferie, der det er mykje dyr og forskjellige aktivitetar.

Ho er svært glad for hjelpa, og kunne nok godt tenkje seg fleire.

– Dette tyder på at folk har gode hjarte og ønske om å gjere noko for andre. Behovet er stort og vi klarar ikkje å stette det, sjølv om vi har dobla kapasiteten, seier Nilsen.