I Noreg lever i dag 78.200 barn og unge i fattigdom. Dette er ein auke frå tidlegare år, til tross for at ni år har gått sidan Stoltenberg-regjeringa kunngjorde at dei ville avskaffa fattigdomen i landet.
– Auken i delen fattige barn har forsterka behovet for gode tiltak i kommunane, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.
Diverre er mangelen på slike tiltak stor, syner ei heilt ny undersøking av barnefattigdom som blei lagt fram av Riksrevisjonen onsdag.
Fleire manglar
Ein av fem kommunar har fribillettar til kino og svømmehall. Tre av fem har tilskotsordningar for kontingentar. Det er ikkje fleire tiltak i kommunar med mange fattige barn.
Dommen til Riksrevisjonen er klar: mange kommunar veit for lite om barnefattigdom og gjer for lite for å få fattige born til å delta sosialt.
Dette er hovudfunna i rapporten:
- Fleire barn veks opp i familiar med låginntekt
- Mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt
- Den statlege innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert
- Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp
– Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet bør vurdera om meir kunnskap om gode løysingar og metodar kan hjelpe kommunane til å nå fram til fleire fattige barn, seier Foss.
– NAV utan kunnskap
Auken i delen barn i låginntektsfamiliar kjem hovudsakleg av at det har vore ein tilvekst av barn med einsleg forsørgjar og barn med innvandrarbakgrunn.
Særleg utsette er born frå Somalia, Afghanistan, Irak og Pakistan.
Riksrevisjonen påpeikar at mange NAV-kontor ikkje har nok kunnskap om kva behov barn har for økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.
Statsråd Solveig Horne (Frp) seier regjeringa allereie er i gang med å betra situasjonen for dei fattige barna.
– Me tek eit stort grep no med den nasjonale tilskotsordninga for motkjemping av barnefattigdom på 110 millionar kroner. Dette er pengar som ikkje reduserer fattigdommen, men som reduserer opplevinga barna har av fattigdom, ved å gje dei tilgang til fritidsaktivitetar og ferie, seier Horne til NTB.
Følgjer utviklinga
Riksrevisoren understrekar at han kjem til å måla om tiltaka fungerer. Regjeringa slepp ikkje unna med å peika på at rapporten viser situasjonen under ei tidlegare regjering, seier han.
– Riksrevisjonen har som tradisjon og arbeidspraksis å undersøkja korleis det har gått etter tre år. Ingen statsrådar slepp unna med slike svar, seier Foss.