NRK Meny
Normal

Påminning om å vere forsiktig

Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk håpar dei mange politikontrollane i høve skulestart verkar skjerpande på bilistane.

Politikontroll i nærleiken av Slåtten skule i Førde

SLÅTTEN: I morgontimane i dag stod politiet mellom anna på Slåtten i Førde. Til saman har over 200 bilistar blitt kontrollert i fylket.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Det er nok for å markere at no er sommarferien over. Det har vore lite barn til og frå skulen, men no startar det å kome barn langs vegane att, seier Heggestad.

Audun Heggestad

BILFRITT: Audun Heggestad og Trygg Trafikk vil gjerne at nærområda til skulane i fylket kan haldast så bilfrie som mogleg.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Kvart år står politiet i Sogn og Fjordane langs vegane når skulane startar etter sommarferien. I morgontimane måndag har politiet meldt om over 200 bilistar kontrollert i samband med skulestarten. Heggestad håpar det får bilistar til å skjerpe seg litt ekstra.

– Det er veldig positivt at politiet er ekstra synleg på ein slik dag som i dag. No skal ungane starte på skulen, så det kan nok vere skjerpande for alle trafikantar og ei påminning om å vere forsiktig.

Kvart år

Fem av dei kontrollerte førarane fekk gebyr for å ikkje ha med seg førarkortet, men elles vart det ikkje oppdaga nokon lovbrot. Politiet opplyser til NRK at slike kontrollar blir utført ved skulestart kvart år.

– Vi er opptatt av at så mange som mogleg bør gå eller sykle til og frå skulen. Det vil føre til mindre trafikk i skulane sitt nærområde. Difor ønskjer vi at dei som må køyre ungane slepp dei av eller sjølv følger dei siste biten, seier Heggestad.

Bilfritt nærområde

Trygg trafikk har i samarbeid med trafikktryggingsutvalet sendt ut informasjon til skulane og foreldre om korleis ein skal ta omsyn til førsteklassingar og korleis ein skal vere trygg på skulevegen. Heggestad håpar foreldre som køyrer ungane kan følge dei siste biten.

– Har du for mange bilar i nærområdet blir fleire foreldre usikre. Då blir det ein vond sirkel der fleire køyrer. Vi oppfordrar veldig sterkt til å ha minst mogleg biltrafikk nær skulane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast