– Vi skal kunne leve med dette!

Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg er godt nøgd med dei nye utvida ferjetidene på sambandet Smørhamn-Kjelkenes.

Svein Inge Fosse

NØGD: -No kan vi ikkje sutre, seier Svein Inge Fosse ved Knutholmen.

Foto: Bjarne Eldevik

Etter innspel frå brukarane er ferjetidene på det gjenopna sambandet utvida. Det melder Statens vegvesen og fylkeskommunen som saman med Fjord1 har utarbeidd ein ny rutetabell som trer i kraft fredag.

– Eg trur dette vert bra. Eg er veldig takknemleg for at dei har jobba med å få snudd det, seier Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg.

Store utfordringar etter tunnelbrannen

Brannen i Skatestraumtunnelen for to veker sidan har skapt store utfordringar for innbyggarane i området, og spesielt på Bremangerlandet har folk fått lange vegar til jobb og vore isolert frå fastlandet på kveldstid. Siste ferjene har gått 17.45 frå Kjelkenes og 18.30 frå Smørhamn.

Fosse fortel at dei fekk halvert besøket den første veka etter tunnelulukka.

– No byrjar folk å venne seg til ferja. Så vert det spennande å sjå til helga når det er kystfestival. Eg håpar folk kjem seg med, men dei går vel ekstra turar for anledninga. Ferjemannskapet er jo så service-innstilte, det må vi berre skryte av.

Vegkryss ved Smørhamn

ALTERNATIV: Sambandet Kjelkenes-Smørhamn vart lagd ned i 2013, men har gjenopna som eit midlertidig alternativ etter at Skatestraumtunnelen stengde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kan redusere køyretida

No går første ferja frå Smørhamn kl. 05.55 med unntak av søndagar då den startar å gå kl. 08.550. Siste ferja går 19.23 på kvardagar og kl. 20.55 på søndagar. Frå Kjelkenes er tidene kl. 06.40-20.10 kvardagar og laurdagar og kl. 09.40-21.40 søndagar.

Fosse påpeikar at ein til og med kan spare tid så lenge ein når ferjene. Då vert køyreturen redusert med ein halvtime kvar veg for ein del av innbyggarane på Bremangerlandet.

– Vi ser ikkje på dette som noko katastrofe no, tvert imot er det ei god løysing. Det optimale hadde jo vore at den gjekk heile tida, men er det ikkje mogleg så er vi veldig takknemlege for denne løysinga, seier Fosse.

– No kan vi ikkje sutre. No må vi sjå positivt på det og kome oss vidare.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.