Hopp til innhold

Ferjetrøbbel skapar frustrasjon for fleire

Bremangerlandet har vore i total isolasjon delar av søndag og måndag. Smørhamn-Kjelkenes har vore delvis til hjelp, men tidlege sisteavgangar frustrerer innbyggjarane.

MF Vågsøy

STORE PROBLEM: Ferja MF Vågsøy mellom Måløy og Oldeide har hatt store utfordringar i helga og på måndag.

Foto: Terje Karlsen

Ferja som trafikkerer mellom Måløy og Oldeide har hatt store problem i helga og måndag. På den eine sida var Skatestraumtunnelen stengd og på den andre sida var det fleire langvarige stogg for ferjesambandet Måløy-Oldeide. Problema starta på laurdag, men det var først søndag at dei førte til kanselleringar av ferjeturar.

Var utan ferje i fleire timar i to dagar

Søndag vart ferja sett ut og inn av drift fleire gonger, og var ute i fire timar. Måndag har ferja vore ute av drift frå kring klokka 12.30 og fram til 19.20. Passasjerbåt vart sett inn som erstatning for ferja medan den var ute av drift.

– Ferja stoppa, men fekk ikkje signal på kva som var feil. Den starta opp igjen, men så stoppa den igjen. I ettermiddag fann vi ut at det var ein elektrisk feil og vi har hatt elektrikar om bord. No går ferja som normalt, seier operativleiar for Fjord1, Christine Hammersvik.

Hammersvik i Fjord1 vedgår at dette har vore ekstra utfordrande i og med at Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 er stengd etter brannen. Smørham-Kjelkenes som vart sett i drift i dag har heller ikkje hatt kapasitet nok til å ta unna trafikken så lenge Måløy-Oldeide har vore ute av drift.

– Folk har vore frustrerte i likskap med oss, men mange har også vore utruleg tolmodige. Ei ulukke kjem sjeldan åleine, seier Hammersvik.

(Saka held fram under rutetabellen)

Rutetabell Smørhamn Kjelkenes

NYE RUTER: Rutene for Smørhamn-Kjelkenes frå tysdag. Første ferje frå Kjelkenes tysdag går ut fordi sambandet tok ein ekstra tur måndag kveld.

Foto: Skjermdump/fjord1.no

Reagerer på tidlege avgangar

Ein av dei frustrerte er Svein Fosse ved turiststaden Knutholmen i Kalvåg.

– Det har vore veldig fortvilande. Eit døme frå i dag er eit par som kom frå Oslo i dag som køyrde til Skatestraumtunnelen som er stengd, deretter tilbake til Isane og Måløy, så er ferja innstilt der. Så køyrer han tilbake til Kjelkenes og kjem ikkje med ferja der. Det er veldig pinleg og fortvilande for oss sjølv om det ikkje er noko vi kan gjere noko med, fortel Fosse.

For dei har det vore ei god hjelp å ha sambandet Smørhamn-Kjelkenes måndag, men Fosse seier det er ei utfordring at dei siste ferjene frå Kjelkenes og Smørhamn går høvesvis klokka 17.45 og 18.30.

– Det er mange frå ytre som pendlar til indre, og omvendt, for å komme til jobb. Det lagar problem for alle. Tidlegare, før ferjesambandet vart nedlagd, hadde vi no ferje til i alle fall klokka halv åtte. Viss vi til dømes skal på ærend i Førde må vi jo reise grytidleg for å vere sikre på å komme oss heim igjen til siste avgang, seier han.

Køyrde ekstratur for å få med alle

På Husevåg, eit stogg på ruta mellom Måløy og Oldeide, har dei også vore isolerte i fleire timar søndag og måndag.

– Ja, stakkars folk. Heilt innelåste. Det ein ikkje tenkjer på er at det er langt meir folk både på Husevåg og ytre Bremanger no på sommartid.

Måndag kveld valde Fjord1 å køyre ein ekstra tur frå Kjelkenes klokka 18.45 for å ta unna bilane som stod att der. Det medfører også at første tur i morgon, klokka 5.45 frå Kjelkenes, går ut grunna kviletidsreglar. Fylkeskommunen og Statens vegvesen har ansvaret for oppsettet av rutetabellen.

Ferje smørhamn kjelkenes

NYTT SAMBAND: Sambandet Smørhamn-Kjelkenes opna att måndag og skal vere i drift så lenge Skatestraumtunnelen er stengd.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK