Hopp til innhold

– Uvanleg at sauer aksepterer andre dyr

Når ein sauefamilie adopterer ein hjortekalv lurer sikkert mange på kva som skjer oppi hovudet til hjorten – og ikkje minst hos sauemora.

Erling Offerdal fekk med seg ein dyr for mykje under sauesankinga. Det er ikkje ein sau, men ein hjortekalv. - Men han oppfører seg som han skulle vore ein sau, seier bonden.

SJÅ VIDEO: Siste tilskot i saueflokken til Erling Offerdal er slett ingen sau, men han oppfører seg som ein. FOTO: Per Henjum.

I går fortalde NRK.no om hjortekalven som blei med saueflokken etter sankinga i Årdalsfjella. Den held seg saman med ein sau og to lam og gjer akkurat det same som dei. Bonde Erling Offerdal fortalde at han aldri har opplevd noko slikt før.

– Det verkar nesten som han oppfører seg som ein sau han også. Han gjer alt som søya, eller adoptivmora må eg vel kalle ho, gjer.

– Uvanleg at sauen godtek det

Viltforvaltar Magnus Frøyen på Hjortesenteret på Svanøy seier han har høyrt om slikt før, men at det ikkje er heilt vanleg.

– Seinast siste veke såg eg i Adresseavisa om eit liknande tilfelle i Snåsa. Det skjer av og til at hjortekalvar som har blitt morlause har kome i lag med sauer, seier han.

Hjortekalven i Årdal blei med heim frå fjellet, fire-fem timars gange frå der bonden bur. Den gjer det same som sauen og dei to tvillinglamma. Et dei mjøl, gjer hjortekalven det same. Om sauemora drikk vatn frå bekken, gjer han også det.

Når ein hjort blei åleine fordi mora har blitt borte, så er det naturleg at den søkjer seg til andre.

– Det er jo naturleg at dei søkjer seg til andre, men det som ikkje alltid er like vanleg er at dei blir aksepterte, fortel han.

For vanleg åtferd blant sauer er at dei gjerne avviser andre, som til dømes andre sauer sine lam.

– Det uvanlege her er faktisk at sauemora akseptere ein framand slik som ein hjortekalv er.

Vil ofte avvise andre

Omgrepet som hund og katt er jo velkjent, men det hender likevel av og til at nettopp dei to dyra blir bestevenner. Frøyen har lest historier om andre dyr som har funne kvarandre, som er mykje meir forskjellige enn sau og hjort.

– Eg har faktisk lest om ein hund og ei and. Kva som eigentleg skjer kan eg ikkje gi noko godt svar på. Eg har heller aldri opplevd sjølv at to forskjellige dyr har funne kvarandre på denne måten.

Han seier årsaka til at sauemora har akseptert kalven, kan vere at lamma hennar er blitt ganske store.

– Har sauene veldig små lam, vil mora ofte avviste andre sauer og andre dyr. Og no er dette ein hjortekalv, det hadde nok vore verre for ein vaksen hjort å få innpass i saueflokken.