Hopp til innhold

– Utan leikeplassar døyr tettstadane ut

MÅLØY (NRK): Mange byar og tettstadar har ikkje ein einaste leikeplass i sentrum. Det skapar livlause gater, meiner ekspert.

Mange byar og tettstadar manglar leikeplassar i sentrum.
Men når politikaran gløymer dei minste blir gatene ståande att livlause, meiner arkitekten.

Emilie Cruickshank Holvik og Sigrid Syre er blant dei som gjerne skulle hatt ein leikeplass i Måløy. For til liks med mange byar og tettstadar finst det ikkje eit einaste område for leik i sentrum.

– Det er litt dumt, for når vaksne kanskje skal på butikken og kanskje ungane vil leike, så kan dei kanskje ha ein leikeplass ved sidan av, seier dei to.

Forsvinn inn i kjøpesentera

Og dei er ikkje åleine om å meine det. Arkitekt Ingvild Gjerdseth i Møre og Romsdal fylkeskommunen meiner dette er eit generelt problem.

Konsekvensen er at småbarnsfamiliane forsvinn inn i kjøpesentera, ein bransje som har sett verdien av leikerom. Tilbake står gater og torg tomme i tettstadane.

– Det blir mindre sosialt, og det blir mindre attraktivt for småbarnsfamiliar å ferdast i og bruke sentrum, seier Gjerdseth.

Emilie Cruickshank Holvik og Sigrid Syre

VIL HA LEIKEPLASS: Emilie Cruickshank Holvik (til venstre) og Sigrid Syre skulle gjerne hatt ein plass å leike i Måløy sentrum.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Måløy ynskjer politikarane å bygge klatrepark. Men det er langt frå enkelt.

– Det er eit skrikande behov for å få til noko så vi kan få meir liv i sentrum. Det har ikkje vore fokus på det med leikeplass før og det er veldig dumt, seier Ap-politikar og nestleiar i oppvekstutvalet i kommunen, Therese Gjerde.

Parkeringsplass eller leikeplass?

Ho har fått i oppgåve å finne tomt i bratte og tronge parkar.

Therese Gjerde

PRØVAR Å FINNE PLASS: Therese Gjerde, nestleiar i oppvekstutvalet i Vågsøy kommune, skal setje meir fokus på leik i sentrum.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men som mange andre stadar fører naboprotestar og kamp om parkeringsarealet til at parken no kan bli skvisa ut av sentrum.

Ingvild Gjerdseth meiner lokalpolitikarar landet over godt kan ta vekk til dømes parkeringsplassar til fordel for klatrestativ og leiketårn.

– Det vil generere aktivitet som kan gå føre seg heile tida, og som dreg folk dit. Då vil dei kunne bruke funksjonane ved sidan av, men då hjelper det ikkje å plassere leikeplassen i utkanten, seier ho.

– Må tenkje nytt

Gjerdseth meiner enkle tiltak i gatebiletet kan fenge borna.

– Ein må kanskje tenkje litt nytt og gå litt vekk frå ideen om at ungar vil ha ein leikeplass på eit avgrensa område. Ungar kan bli fascinert av vatn, eller det kan vere eit punkt der det er eitt leikeapparat. Det viktigaste er at det er punkt undervegs.

Enn så lenge ligg det steinlagde torget i Måløy sentrum som regel øyde for born.

– Av og til når det er leikar på 17. mai og sånn så er eg her, men elles pleiar eg ikkje vere så mykje på torget, for det er så lite leikar. Vi kan finne på å leike sisten og sånn. Det er det god plass til, seier Emilie og Sigrid.

Måløy sentrum

INGEN LEIKEPLASSAR: Måløy er ein av mange stadar som ikkje har leikeplass i sentrum.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK