Hopp til innhold

– For dårlege på tettstadutvikling, for dårleg kompetanse og vi må få oss klårare visjonar

Det er eit stort problem at byar og tettstader i fylket er for dårlege på å utvikle attraktive senter. Det meiner fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Svein Arne Skuggen Hoff - Førde - montasje

IKKJE FLINKE NOK: Svein Arne Skuggen Hoff meiner Sogn og Fjordane ikkje er flinke nok på sentrumsutvikling. Her er Førde, som han meiner har kome seg, men framleis har ein veg å gå.

Foto: Torbjørn Selseng/Steinar Lote / NRK

Tysdag melde NRK at BT-journalist Jan Nyberg hevda at Førde kan friskmeldast etter 25 år som Norges styggaste by.

Men både Førde og resten av fylket har framleis ein lang veg å gå, meiner fylkesdirektør for plan- og samfunn, Svein Arne Skuggen Hoff.

Han har fleire års erfaring innan by- og tettstadutvikling, blant anna frå Drammen, der han jobba då byen opplevde ei krise i folketalsutviklinga på midten av 80-talet. Då endra dei brått strategi, og har klart å halde ein god trend sidan den gong.

– Ikkje flinke på tettstadutvikling

Skuggen Hoff meiner Sogn og Fjordane manglar kompetanse på tettstadutvikling, og at vi er for dårlege til å finne fram til den kompetansen som finst. I tillegg meiner han vi må bli tøffare på sentralisering, og ha klårare tankar om kva vi vil i staden for å ha generelle visjonar.

– Den største utfordringa er nok at vi ikkje klarar å konsentrere ting. Vi spreier ting rundt omkring og trur at det gir kraft. Vi veit at det berre er éin ting som gjer at folk har lyst å kome til sentrum, og det er folk. Du kjem dit for å sjå andre menneske og for å bli sett, seier fylkesdirektøren.

Svein Arne Skuggen Hoff

MÅ BLI BETRE: Det meiner Svein Arne Skuggen Hoff, fylkesdirektør for plan og samfunn

Foto: Steinar Lote / NRK

Han meiner Førde har teke eit langt steg vekk frå tittelen «Norges styggaste by», men meiner byen framleis har ein veg å gå.

– Bortsett frå området rundt elva og to nye signalbygg, rådhuset og kunstmuseet, veit eg ikkje om «imaget» til Førde har endra seg mykje. Vi hadde store forventningar til rådhuset, og det er eit flott bygg, men det vart ikkje slik at første etasje vart ein aktiv plass med butikkar og kafear. No er første etasje døde lokale. Det same ser du på Storehagen atrium.

Fylkeskommunen har etablert ei søknadsordning der kommunane kan søkje om støtte til å gjennomføre enkeltprosjekt i tettstadane sine for å gjere dei meir attraktive, pene og tilgjengelege.

Hovudmålet med ordninga er å styrke attraktiviteten til fylket gjennom å styrke sentrum og tettstader i fylket, bygd på særpreget og eigenkarakterane til tettstadene.

– Vi prøvar å sjå på heilskapleg på enkelttiltaka. Om kommunane viser at dei har sett sine tiltak inn i ein større samanheng, er det lettare å få tilskot frå midlane våre.

Må bli klårare på kva ein vil skape

Han trur det først og fremst handlar om at ein ikkje har ein veldig klår og felles visjon for kor ein vil.

– Ein jobbar altfor mykje på enkeltprosjekt, og ein jobbar for mykje på generelle visjonar. Ein har ikkje klåre nok tankar om kva ein faktisk vil skape. Eg såg akkurat på samfunnsdelen av kommuneplanen til Førde kommune, og den er veldig generell når det gjeld sentrum. Ein skal ha det tettare, meir kultur og så vidare, men det ein eigentleg vil og korleis ein skal få det til, det må ein setje seg ned og diskutere og dra med innbyggjarane for å få til.

Han seier det ikkje berre er i Førde det er slik, men at mange andre stader gjer det på same måten.

– Å samle folket er ikkje så enkelt

– Det er viktig å skape samanheng mellom ulike type aktivitetar. Når kulturaktivitetane ligg fleire hundre meter frå sentrum, når butikkane ligg ein stad, skulane ein annan stad, barnehagane ein tredje stad, så spreier du aktivitetane. Fet har vore ein trend overalt i Norge i mange år, at du har flytta ting ut frå sentrum. No er vi nøydde til å skape ei rørsle motsett veg, og flytte ting inn til sentrum igjen. Vi kan gjerne byggje ein ny, kjempestor vidaregåande skule midt i sentrum i Førde som verkeleg kan vere eit positivt bidrag til livet i byen, seier han.

Fylkesdirektøren dreg fram Lillesand som eit døme.

– Det er ein veldig liten og trong by, men likevel har dei bestemt seg for at dei neste 20 til 30 åra så skal 50 prosent av folketalsveksten skje gjennom bustader innanfor ein radius på 200 til 300 meter frå det inste sentrum. Og det er fullt mogleg å få til i Førde også.

Han trur årsaka til at det ikkje blir gjort, er at vi trur dei grepa vi gjer er riktige. Men Skuggen Hoff saknar ein heilskapleg strategi, og det gjeld ifølgje han dei fleste kommunane i dette fylket, som i mange andre fylke.

– Vert du oppgitt når du ser på dette?

– Eg blir kanskje mest oppgitt over at kommunane tek så lett på prosessane med innbyggjarar og næringsliv. Ein sit på ein måte og skal gjere ting sjølv i staden for å sjå at rolla til kommunen burde vere å setje i gang dei gode prosessane og drive dei fram. Dei bør la innbyggjarane og næringslivet få bidra mykje meir aktivt, ikkje berre med å late dei kome med innspel og idear, men faktisk vere med å konkretisere tiltaka og gjennomføre dei, seier han.

Trekkjer fram Sogndal og Måløy

Blant kommunane i fylket som har gjort noko rett, trekk han fram Sogndal som eit godt døme. Der har dei fått parkeringsavgift som dei brukar på å utvikle sentrum.

– Dei har fått ein flott park i sentrum. Tidlegare i dag såg eg mellom 50 og 100 menneske som kosa seg der. Dei drakk kaffi og ungane leika. Skal du skape attraktivitet og identitet så er det viktigaste å lage dei små treffpunkta i eit miljø med atmosfære. Den typen attraktivitet manglar Førde.

Sentrumsparken

SOGNDAL SENTRUM: Sentrumsparken i Sogndal er populær. (arkivfoto)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han nemner også Måløy, der dei prøvar å få til ei overbygd handlegate. Skuggen Hoff råda fylkeskommunen til å gå inn med 1,7 millionar kroner her.

– Det er eit godt døme på korleis du kan få til ting som både tek vare på kulturarven, samstundes som du gjer noko heilt nytt og skapar grobotn for å få liv og røre midt i sentrum. Skal vi skape attraktivitet må vi ta tak i det som er spesielt, i staden for å bruke det same overalt.

– Må slutta å byggja einebustader

– Vi har sagt oss villige til å kome til kommunane og vere med i ein dialog om dette. Korleis kan dei skape samspel mellom funksjonane sine, i staden for å spreie ting ut. Vi har mange kommunar som slit med det.

Han ønskjer at kommunane i større grad byggjer sentrumsnære bustader, noko han meiner Førde til dømes har godt potensial til å gjere, og det har også mange andre, ifølgje fylkesdirektøren.

– Det er heilt forferdeleg at vi i dette fylket skal halde fram å byggje einebustader. Vi har meir enn nok av det, men vi manglar sentrumsnære, gode og attraktive bustader for menneske som ikkje treng einebustader.